Kultur | 11. feb. 2018

Dobbeltslepp

OnklP og Oslo Ess i samarbeid på Tysnesfest.

Dobbeltslepp
OnklP og slekta kjem til Tysnesfest (foto: Jørn Veberg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. feb. 2018 20:00

Bildeserie:

Det gjer Oslo Ess også (pressefoto)
Det gjer Oslo Ess også (pressefoto)
1 av 1
Det gjer Oslo Ess også (pressefoto)

Onsdag blei det stadfesta at Alan Walker kjem tilbake til Tysnesfest etter at 2017-konserten blei avblåst av uvêr.

I kveld slepp Tysnesfest yttarlegare to band som saman skal avlutta torsdagskvelden under festivalen.

– Dei har vore på Tysnesfest kvar for seg tidlegare, men i år står OnklP & De Fjerne Slektningene og Oslo Ess saman på scenen i eit av årets mest forrykande musikalske samarbeid, spesiallaga for Tysnesfest!

OnklP sin monsterhit «Styggen på ryggen» er åleine strøyma nesten 20 millionar gongar på Spotify. Pål Tøien, som er hans fulle navn, slo gjennom saman med Jaa9 då dei vann Alarmprisen i 2005. I 2012 medvirka OnklP på Oslo Ess-låten «Fritt fram».

I 2013 starta han saman med nokre av medlemmene i Oslo Ess rap/rockgruppa OnklP & De fjerne slektningene. «Styggen på ryggen» vart årets låt og gruppa årets liveartist på P3 Gull i 2014.

Rockebandet Oslo Ess vart skipa i 2010, og i 2014 var dei første band som gjorde ein konsert på toppen av Tysnessåto. Bandet er mellom anna kjent for låtene «Alt jeg trenger» og «Bislett stadion».

OnklP & De Fjerne Slektningene og Oslo Ess avsluttar kvelden på Gjerstad arena torsdag 12. juli.

Til no er følgjande artistar lansert til Tysnesfest 2018:

Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.