Sidan både dame- og herrelaga til Os og Stord speler i same divisjon har handballregionen satt opp dobbeltkampar både i Oshallen og på Stord når dei to klubbane møter kvarandre. Då runden gjekk i Oshallen i haust trakk Os det lengste strået og vann båe kampane med knappast mogleg margin.
Laurdag var det duka for returoppgjera, med herrelaga først ut.
– Vi speler ein kanonbra førsteomgang, oppsummerar sportsleg leiar Joachim Nøkleby.
Totalkollapsa
Til pause sto det uavgjort 16-16 og dei tilreisande osingane håpa på eit like tett oppgjer som i Oshallen. Bakerst viste Andreas Glomsaas Sennesvik dei eine klasseredninga etter den andre, mellomanna med anletet.
– Omlag midtvegs går vi tom for krefter.
– Det er utruleg frustrerande å vera utpå der, vi klarer ingenting. Det er berre å beklaga til dei som sat på tribunen, seier Nøkleby.
Etter å ha hengt med dei 10 første minutta av omgangen takka Stord for følgje og fossa frå til det som tilslutt blei Ostap 25-35.
Stord Elite 2 - Os 35-25 (16-16)
Utv: Stord: 1 direkte raudt, 4x2 min, Os: 3x2 min
Os sitt lag: Hans Brunvatne, Andreas G. Sennesvik, Trygve Lerch Dahl 4, Joachim Nøkleby 3, Jørgen Wold 6, Øystein Skarding 1, Nils Andris Hamre, Frode Vindenes 1, Fredrik Andresen 3, Isak Røen 5, Joakim Blostrupmoen 2.
Mangla trøkk
Osdamene som møtte Stord rett etter herrekampen kom dårlegare ut enn det herrene gjorde og kom bak 11-14 til pause. Framover på banen mangla det trøkk og tempo, noko som har vore eit varemerke for Os dei seinaste åra.
I starten av andre omgangen finn Os tilbake til den gamle oppskrifta og utlignar leiinga til Stord og går forbi, men den gode perioda varar berre 10-12 minutt før ein igjen mistar tempoet og trøkken.
– Vi veit ikkje kvifor det blir slik.
– Det er ikkje slik vi ønskar å gjere det framfor eit entusiastisk publikum som verkeleg støttar oss i dag, oppsummerer jentene på ferga heim til Os.
Med mindre trøkk kjem Stord lettare til igjen og rykkar frå til 27-22.
Stord - Os 27-22 (14-11)
Utv: Stord: 1x2 min, Os: 1x2 min.
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Hanne Sørstrønen, Irene Tangerås 4, Silje Martine Årseth, Emilie Halhjem Hjertnes 3, Maria Stangeland Lunde 8, Line Hjelle Berentsen 5, Silja Espelid, Elise Hjelle 1, Stine Færøvik, Marte Øvreeide 1.