Dobla NM-troppen
I fjor blei det 6 medaljar på 5 utøvarar. I år reiser Os Karateklubb til NM i Drammen med 11 lovande deltakarar.
I mars i fjor reiste Os Karateklubb heim frå NM med 2 gull, 3 sølv og 1 bronse.
Les òg: Alle frå Os til NM-finale!
I år reiser Os med ein tropp på heile 11 utøvarar.
–Dette er den største NM-troppen vi har hatt pålenge, kanskje den største frå Os nokon gong, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.
Tittelforsvarar
Åsmund Slettebakken, som var yngst i juniorklassen, blei noregsmeister for andre år på rad (i 2010 som kadett). I tillegg vann Tonje Skeie Hjelle gull.
– I tillegg til dei som kjempar om nytt gull går nok Mons Daniel Haugland og Henrik Reed-Larsen for siger i årets finale.
Erlend Slettevold må dessverre stå over grunna skade.
Lovande debutantar
Den sterke juniorgruppa til Os har ein ny generasjon unge utøvarar på veg opp og fram. Desse er no passert 12 år og er gamle nok til å delta i yngste NM-klasse.
– Her har vi ei veldig spennande gruppe, med blant anna Tiril Skjønberg Haaland, som dei 3-4 åra ho har konkurrert har vunne kvar einaste kamp.
– Alle er gode nok til å ta medalje. Men nivået er høgt og alt skal klaffa om du skal nå heilt til topps, seier Cato.
Reisefølgjet frå Os består av 24 personar, trenarar, støtteapparat og foreldre medrekna.
Os sin tropp i NM 2012: Dan Sander Soltwedel (coach), Vidar Mjånes (dommar), Åsmund Slettevold, Henrik R. Larsen, Aner Palislamovic, Amanda Njøten, Tiril S. Haaland, Armin Palislamovik, Mathias sørensen, Elena Andres, Mons Daniel Haugland, Tonje Hjelle og Vegard Gjøsund.
Årets NM blir arrangert i St Halvardhallen i Drammen laurdag 17. mars. 280 utøvarar frå 54 klubbar er påmeldt.
Samleside: Midtsiden karate