Sport | 02. juni 2015

Doblar innsatsen

I fjor kunne du vinna ein Porche, i år stiller Bjørnefjorden med to bilar som premie om nokon får hole in one under golfveka i slutten av juni.

Doblar innsatsen
Dagleg leiar Eivind Hodneland og turneringsleiar Gjermund Engelsen gler seg til golfveka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. juni 2015 06:43

Bildeserie:

Ein Tesla S-modell er premie til den som klarar hole in one sundag
Ein Tesla S-modell er premie til den som klarar hole in one sundag
I dameturneringa onsdag er ein Mercedes A-klasse premie for hole in one
I dameturneringa onsdag er ein Mercedes A-klasse premie for hole in one
1 av 2
Ein Tesla S-modell er premie til den som klarar hole in one sundag
I dameturneringa onsdag er ein Mercedes A-klasse premie for hole in one

Det blei ein sukess då Bjørnefjorden golfklubb inviterte til jubileumsveke førre sesong og sette opp ein Porche Cayenne som hole in one-premie i avslutningsturneringa. Det var rett nok ingen som klarte den bragden, men i år blir det to nye sjanser.

– I år er det ikkje jubileumsveke, men vi inviterer til golfveke frå 20. til 27. juni, med minst like fine premiar.

– Det er nok ganske unike premiar i golfsamanheng. Eg trur ikkje det er mange andre norske golfklubbar som gjer det same.

– I år har vi ein Tesla S Modell som premie for den første som klarar hole in one på hol 18 sundagen under Bjørnefjorden Tesla Open.

– Denne turneringa er open for alle som speler golf, det er berre å melda seg på, fortel dagleg leiar Eivind Hodneland og turneringsleiar Gjermund Engelsen.

«Damebil»

I tillegg til Teslaen har golfklubben i år også ein bil i premie under dameturneringa seinare i golfveka.

– Vi må få damene med til å spela golf. Heller ikkje i denne turneringa er det krav om handicap. Om du nettopp har starta spele, eller har spelt i fleire år så er du like velkomen.

– Det å slå hole in one handlar om 90 prosent flaks.

– Difor er moglegheiten til å vinna ein Mercedes A-klasse med AMG-pakke like stor for alle. I dameturneringa på onsdagen er det hol 9 som gjeld.

– Totalt har nok bilane ein premieverdi på nær 1,2 millionar kroner, og det beste av alt er at om nokon klarar utfordringa, så får dei bilen til odel og eige, stråler dei to.

Dei to premiebilane blir stilt til disposisjon frå Tesla Motors Norge avdeling Bergen og Bertil O. Steen Bergen Minde.

I bobil og campingvogn

Dei to fortel at interessa rundt golfveka er stor.

– I fjor kom tilreisande frå heile Hordaland for å vera med på ei av turneringane vi skipa til.

– Det håper vi skjer i år òg. I fjor hadde vi fleire som installerte seg på parkeringsplassen her i bobil eller campingvogn.

– I tillegg til dei to turneringane med bil i premie, går Senior Tour Hordaland, ei særs populær turnering for seniorar på mandagen. I den har vi faktisk lagt opp til to startar, rett og slett for å få med alle.

– Vi har herregruppa si parturnering, som er ope for alle, ikkje berre herrer. Der spelar to og to på lag, om det er to herrer, ei dame og ein mann eller to damer spelar inga rolle.

– Proen vår Sverre Marcelius har òg si eiga turnering. Dette er ei eliteturnering kor det blir stilt krav om handicap. Sjølv om ikkje det er bilar i premie i desse tre turneringane kan vi forsikra at premiebordet er velfylt.

Golfveka blir avslutta med VM i putting, kor klubben bruker seks av greenane og lagar ei 18-hols bane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.