Doblar medlemstalet
Cycle-Klubben Henie er i kraftig vekst, og har tru på rekord i deltakartalet når Os Rundt startar midt i sentrum 1. mai.


Sykkelinteressen aukar og det påverkar medlemstalet i CK Henie.
- Vi nærmar oss 60 medlemmar, noko som er dobling i forhold til i fjor, seier nestleiar i styret, Leif-Erik Garvik til midtsiden.no.
Har tru på deltakar-rekord
I år er det Os Rundt for 29. gong, på 1. mai som vanleg. Deltakarane kan velja mellom trimritt rundt Ulven, cirka 15 km, og turritt rundt Ulven, gjennom Åsen, over Fanafjellet og Hamre og tilbake til Os gjennom Søfteland, cirka 45 km.
- Dei siste åra har vi hatt start og stopp på Os Gymnas. I år har vi i samarbeid med Os Sentrumsforening fått flytta dette til Os sentrum, mellom Libris og Opus.
I 2007 var det rekord med 189 deltakarar, i fjor var det nesten like mange, 185.
- Med auka medlemstal i dei fleste klubbane i fylket, og ingen andre ritt same dag, har vi tru på over 200 deltakarar og ny rekord, seier Garvik.
Ny start
Følgebil leiar det som truleg blir ein tettpakka fellesstart ut til brannstasjonen og gjennom rundkjøringa før den slepp feltet til ein tøff start opp til Moberg.
- Det blir kjekt for deltakarane med start og mål i sentrum, med litt tilskodarar og merksemd rundt arrangementet.
Klubben har redusert tal på arrangement noko, og satsar heller på å gjera det bra på dei viktigaste ritta.
I tillegg til os Rundt arrangerer CK Henie Gullfjellet rundt, cirka 9 mil, og Ulven Tempo (10/20 km), for deltakarar med heilårslisens.