Dobling av vaksinedosar i neste veke
Bjørnafjorden kommune får tilgong på omtrent dobbelt så mange vaksinedosar neste veke (veke 5), enn det som var førespegla.
Det skjer stadig endringar på vaksinefronten, no har kommuneoverlegen allereie sendt ut tilbod til dei som kan få vaksine på førstkomande onsdag.
– Dette er flotte nyheiter! Vi har alt kalla inn 90 personar frå prioriteringsgruppe nummer 2, altså heimebuande personar over 85 år, til vaksinasjon onsdag 3. februar.
– Dei ekstra dosane betyr at vi kan gi til saman 228 personar første vaksinedose neste veke. Då vil alle i denne prioriteringsgruppa ha fått første dose, og vi kan begynne å vaksinere neste prioriterte gruppe, nemleg dei mellom 75 og 84 år, seier kommuneoverlege Klaus Melf.
Alle vil få tilbod
Bjørnafjorden kommune vil sende SMS med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar for timebestilling til vaksinasjon 3. februar til alle over 85 år som ikkje alt har fått dette.
Dei som ikkje kan motta SMS, vil bli oppringt. Dersom du har fått SMS, men ikkje bestilt time, vil kommunen ringe deg opp tidleg neste veke, for å forsikre oss om at det ikkje er tekniske utfordringar som hindrar deg.
Koronavaksinasjon er gratis og frivillig.
Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time.
Snart klart for oppstart 75-84 år
– Truleg startar vi med vaksinasjon av prioriteringsgruppe nummer 3, personar 75-84 år, frå veke 6, men dette avheng sjølvsagt av kor mange dosar vi får.
– Dei eldste vil få tilbod først, og så jobbar vi oss nedover i årsklassene. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir, seier Melf.
Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon. Kommunen tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.