Lokal | 09. aug. 2019

Dødsfallet vil bli etterforska

Politiet vil ikkje seia noko om dødsårsaka men fortel at saka no er under etterforsking.

Dødsfallet vil bli etterforska
Politiet fortel i dag at saka kor ein mann i 40-åra vart funnen død i Ulvenvatnet vil bli etterforska. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 09. aug. 2019 11:49

I går kveld vart ein mann i 40-åra funnen død i Ulvenvatnet. Dette etter ein kort leiteaksjon.

Mannen vart meldt sakna onsdag, men politioverbetjent ved Os Lensmannskontor, Anne Lyssand fortel at familie av mannen var i kontakt med politiet på tysdag.

– Avdøde var i kontakt med mora si måndag kveld, tysdag tok familien kontakt, og onsdag gjekk politiet ut og melde mannen sakna.

Avhøyr i dag

Lyssand seier at det er oppretta sak, og at det allereie i dag vert gjennomført avhøyr av personar som kan ha vore i området eller som kan ha sett mannen.

– Vi held alle moglegheiter opne, men kan ikkje seia noko meir på noverande tidspunkt med omsyn til etterforskinga.

Lyssand legg til at det var ein turgåar som fann sykkelen til den sakna ved Ulvenvatnet.

– Saman med helse og brannvesen rykte vi ut til staden og fann mannen etter kort tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.