Lokal | 01. mai 2020

«Døgnopen» blomsterbutikk utsett for hærverk

– Eg håper det blir lenge til neste gong, seier Marianne Holmefjord.

«Døgnopen» blomsterbutikk utsett for hærverk
Os Blomsterservice har store delar av varene sine ståande ute - døgnet rundt - for handel med Vipps. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mai 2020 10:58

Os Blomsterservice var sommaren 2018 utsett for tjuveri av den ruvande gorillaskulpturen «Gustav», men den fekk butikken fort tilbake.

Etter flytting nokre meter frå torget til sentrumskvartalet november 2018 har ting fått stå i fred utandørs. Til no.

– Eg har meg sjølv å takka, som lar så mykje stå ute. Men eg får lov hos Tvedt-søstrene som eig huset å boltra meg på denne plassen, og vi får mange fine tilbakemeldingar om at det pyntar Osøyro.

Sel mykje varer utanom opningstid

Før jul byrja ho dessutan å setja småvarer utanfor, med lapp på døra om betaling med Vipps for dei som vil handla utanom opningstid.

– Det har vore ein suksess. Vi sel varer utanom opningstid kvar einaste dag, også gjennom helga.

Marianne viser tillit til kundane, og dei svarer med mykje handel kveld og helg. (Foto: KVB)
Marianne viser tillit til kundane, og dei svarer med mykje handel kveld og helg. (Foto: KVB)

Trampa blomane flate

Men i dag blei ho lei seg då ho kom på jobb. Marianne er ofte i butikklokalet kveld, helg og tidleg morgon -ikkje for å overvaka utstillinga utandørs, men for å få varer på plass og førebu leveringar.

– Fleire palmer var røska ut av pottene, andre blomar var trampa flate. Dei har sikkert hatt det kjekt mens det sto på, utan at eg skjøner kva som er kjekt med å driva hærverk. Om det var tjuveri kunne eg nesten forstått det, dei som ikkje har råd til ein blome får heller berre ta seg ein.

– Men hærverk er vanskeleg å forstå. No går vi inn i ein periode med meir festing og uteliv, eg får likevel håpa at det blir lenge til neste gong eg finn utstillinga mi på denne måten.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.