Næringsliv | 25. mai 2014

Doksæter ny sjef på gjestetunet

Han har vore i bransjen i 30 år, og blant anna vunne lag-NM i bartender, dagleg leiar ved Bjørnefjorden Gjestetun, Eyolf Doksæter.

Doksæter ny sjef på gjestetunet
Eyolf Doksæter er imponert over kor glade dei tilsette ved Bjørnefjorden Gjestetun er i arbeidsplassen sin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. mai 2014 07:21

Måndag 5. mai var Eyolf Doksæter sin første dag i jobben som dagleg leiar ved Bjørnefjorden Gjestetun. Doksæter overtar etter Bertel Humlen, som slutta i jobben i vinter.

– Eg var i ferd med å kjøpa meg inn i ein restuarant då eg fekk tips om den ledige stillinga og blei sett i kontakt med eigarane, seier Eyolf Doksæter.

Han har bokstavleg talt vakse opp i bransjen.

– Far min dreiv eit hotell i Bergen då eg blei fødd. Hotellet brann ned, men eg var tidleg med å gå i far sine fotspor.

Ein leiar som trivst på golvet

Doksæter byrja å jobba som servitør som ungdom, tok utdanning både som servitør og kokk, og har seinare jobba på hotell på Beitstølen, for Thon-gruppen, drive eit hotell i Norheimsund og vore hovmeister hos Fjord Line.

– Sjølv om eg har hatt ulike leiarstillingar sidan eg var 26 år har eg i fleire periodar tatt jobbar på golvet, blant anna som bartendar og barsjef. Eg synest det er både kjekt og viktig å halda kontakten med faget og vera tett på gjestane.

Å miksa drinkar har dessutan blitt ein hobby som Eyolf har engasjert seg i på fritida. Han held kurs for elevar ved servitørfaget og han har deltatt i NM for lag og tatt NM-gull.

– Munter og sjarmerande

Styreleiar og hovudaksjonær Synnøve Bjørke seier ho er veldig glad for å ha fått Doksæter inn etter at sambuaren hennar, Humlen, blei opptatt med andre ting.

– Bertel har sete i styret i mange år, og held fram som styremedlem, men har nokre andre prosjekt som krev ekstra av han no for tida. Då er det godt å få inn ein som Eyolf, med så brei erfaring, og så muntert og sjarmerande vesen, seier Synnøve.

– Og han får ein travel start, mai ligg godt over maimånaden i fjor, som også var veldig god. Behovet for fleire rom er stort, seier Bjørke, som framleis er i plan- og søkeprosess for utviding av gjestetunet.

Glad i arbeidsplassen

Eyolf sitt forhold til Os før han starta i ny jobb er stort sett frå sjøvegen, men han har også vore på Kuventræ «og slått Os mange gangar» i fotball, påstår han.

– Eg hadde også gleden av å møta Solstrand-eigar Erik Schau-Larsen, då eg i ung alder jobba på Edvard Grieg Suitell. Han var ein heilt spesiell person og ei stor inspirasjonskjelde for meg.

Førsteinntrykket av Bjørnefjorden Gjestetun er godt.

– Det er veldig fint her, passeleg stort, med spennande mat og gode kokker som lager nydeleg heimelaga mat av kortreiste varer.

– Det som imponerer meg mest er det gode miljøet mellom dei tilsette, og kor glade dei er i arbeidsplassen sin, seier Eyolf Doksæter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.