Dømd til samfunnsstraff
Ung bilførar slapp fengsel. Dømd til 120 timar samfunnsstraff, tap av førarkort og å betala 130 000 kroner i oppreisingserstatning.
Den då 18 år gamle guten, som i november 2012 køyrde på og hardt skada ein eldre mann som var ute og lufta hunden langs Ulvenvegen slepp fengsel.
Etter ei samla vurdering og under sterk tvil kom Nordhordaland Tingrett denne veka fram til at den no 21 år gamle mannen skulle straffast med 120 dagars samfunnstraff, med ei gjennomføringstid på 6 månader. I tillegg mistar han førarretten i 2 år og 8 månader og må betala 130 000 kroner i oppreisingserstatning til mannen han køyrde på.
Trudde ikkje førar og passasjerar
I retten erkjende guten at han hadde brote vegtrafikkloven sin paragraf 31 første ledd, jf § 3 om å ferdast hensynsfullt, aktpågivande og varsom i trafikken. Han erkjende at han hadde køyrd fortare enn 60 km/t, men meinte han hadde køyrd i 70 og ikkje i 100 km/t slik som påtalemakta meinte i tiltalen.
Retten fann i si vurdering ikkje å kunne feste lit til tiltalte, eller dei tre passasjerane, si forklaring om hastigheiten.
Dette grunngav dei mellomanna med dei vurderingane som blei gjort av Statens Vegvesen sin ulykkeskommisjon etter ulykka.
Funna gjort på bilen samsvara ikkje med forklaringa gutane gav, mellomanna om at dei nytta bilbelte då ulykka inntraff.
I dommen skriv retten mellomanna «...sikkerhetsbeltene på alle setene var i sin rulle i indre stilling, og de kunne trekkes ut. Airbagene i bilen var utløst, og disse henger sammen med bilbeltene. Dersom bilbeltene hadde vært i bruk ville han (sakkunnige, journ.mrk) ha sett det, det er enkelt å se strekk i bilbeltene etter en kollisjon der airbagene har vært utløst. Når retten finner det bevist at det er gitt uriktige forklaringer om bruk av bilbelte, så gir dette også grunnlag for å se bort fra en samsvarende forklaring vedrørende hastigheten og andre omstendigheter ved tiltaltes kjøring.»
100% sikker på høg fart
Vidare forklarar den sakkunnige i retten at han er 100% sikker på at hastigheiten var minst 100 km/t då tiltalte mista kontroll over bilen, basert på dei tekniske berekningane i etterkant.
«Ut fra skjønnsmessig vurdering av skadene og beregningene som er gjort antar vi at farten må ha vært minst 100 km/t forut for kollisjonen.», heiter det i konklusjonen frå Statens vegvesen.
Konklusjonen støttar seg mellomanna på at ein ved ei fart på 70 km/t, under dei rådande forholda, burde ha klart å stoppa på dei 89 meterane frå der ein først fann skader på autovernet til der påkøyrselen truleg hadde funne stad.
Retten fann konklusjonen frå vegvesenet heva over rimeleg og fornuftig tvil.
«Ved å legge til grunn en hastighet på 100 km/t har all rimelig og fornuftig tvil kommet tiltalte til gode.», skriv retten i si vurdering.
Drapssak gav samfunnsstraff
Når retten i si straffeutmåling kjem til at tiltalte skal dømmast til 120 dagar samfunnstraff, så skuldast det den lange tida som har gått frå ulykka til saken kom opp til behandling.
«Retten er etter en samlet vurdering og under tvil kommet til at det skal reageres med samfunnsstraff i denne saken. Det understrekes at dette i all hovedsak skyldes den lange tiden som har gått siden de straffbare forhold fant sted. Domfelte kan ikke på noen måte lastes for tidsbruken, denne skyldes ressursmangler ved Os lensmannskontor i forbindelse med etterforskning av en drapssak. I denne saken er det altså slik at ressursmangler i politiet får direkte betydning for reaksjonsvalget i en annen alvorlig straffesak.», heiter det i straffeutmålinga.
Retten har òg lagt vekt på at tiltalte var 18 år då ulykka skjedde og ser det som ekstra belastande å skulle gå å venta så lenge på ein avklaring i så ung alder. Retten trur på tiltalte når han seier at han tenkjer på ulykka kvar dag og at han er svært lei seg for å vera ansvarleg for dei konsekvensane påkøyrsla har fått for fornærma og hans familie.