Lokal | 03. feb. 2014

Dømt for 16 lovbrot

Ein mann i slutten av 20-åra er dømt for blant anna innbrot og fleire tjuveri og ein serie tilfelle av oppbevaring og bruk av narkotika.

Dømt for 16 lovbrot
Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. feb. 2014 08:58

Ein mann frå Os er i Nordhordland tingrett 27. januar dømt for ei lang rekke lovbrot i Os og Bergen.

Dei fleste tilfella har vore i Os frå 2013 og fram til så tett på rettsaka som 24. januar i år, men han blei også dømt for eit tilfelle av kjøring i ruspåverka tilstand i mai 2012.

Dette har politiet funne på sikta:
5. februar 2013: 10 stk Rivotril, 0,24 gram metamfetamin
12. mars 2013: 1,2 gram amfetamin
13. mai 2013: 1,95 gram hasj
18. juli 2013: 3,97 gram marihuana
9. januar 2014: 1,7 gram amfetamin

30. november 2013 kjøpte han 3 gram amfetamin av ein annan mann frå Os og selte 2 gram vidare til ein tredje person, også han frå Os.

Han blei også dømt for fleire tilfelle av tjuveri, innbrot og oppbevaring av tjuvgods.

• Natt til 1. oktober 2013 tok han seg inn på Os ungdomsskule og stal projektor og pc, i tillegg til mat og drikke frå kantina.

• Tysdag ettermiddag 26. november og natt til onsdag 27. november tok han seg inn på Os barneskule og stal projektor og høgttalarar.

• Hausten 2011/vinteren 2012 mottok han ein stolen Askeladden 605 med 135 hk motor.

• Torsdag 16. januar stal han ein hjartestartar frå AMFI Os.

• Fredag 24. januar knuste han seg inn i eit hus i Os og stal TV og kniv.

• I tillegg har han ved fleire tilfelle stole frå butikkar i Bergen.

Politiet har også tatt beslag i ulike våpen som vedkomande har hatt på seg eller oppbevart; ein batong, ein peparspray, teleskopbatong og ein dykkarkniv.

Han var også sikta for å yta fysisk motstand då han blei pågripen i Bergen, mistenkt for kjøring i ruspåverka tilstand og bering av kniv på offentleg stad.

Sikta tilsto og blei dømt til 60 dagar fengsel utan vilkår og 150 timar samfunssteneste. 23 dagar uthalde varetekt blir trekt frå.

Han må også betala 500 kroner i bot, tola beslag av førarkortet i to år og avlegga full ny førarprøve om han vil kjøra bil igjen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.