Lokal | 03. mai 2017

Dømt etter slåstkamp

Ein gut som blei invitert utanfor festlokalet for å slåst, fekk skjerpa straff då han kalte motstandaren for «neger».

Dømt etter slåstkamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. mai 2017 13:41

Ein gut frå Os er dømt til samfunnsstraff etter ein slåstkamp med ein mann i 20-åra utanfor eit festlokale i Os våren 2016.

Etter noko som minst éin av partane oppfatta som provoserande framferd inne i lokalet blei dei to einige om å gå utanfor og «ordna opp».

Fornærma, som er i 20-åra, slo først, men tiltalte fekk overtaket og trefte med tre slag. Fornærma, som er mørk i huden, blei så filma, mens tiltalte sa «Se, en skamslått neger. Du må faen ikke komme her».

Filmen blei i etterkant vist til fleire deltakarar på festen. Då politiet fekk hand om videoen utvida dei tiltalen til også å inkludera «diskriminerande eller hatefull ytring». Dermed blei straffa skjerpa.

– Eg er nøgd med dommen. Hadde tiltalte vore fylt 18 år då dette skjedde ville eg gått for fengsel utan vilkår, fortel aktor Alexander Gonzalo Sele til Midtsiden.

Tiltalte blei dømt til 110 timar samfunsstraff og til å betala 20.000 kroner i oppreisingserstatning.

Han møtte i retten og sa seg skyldig i uttalen som blei fanga på film, men ikkje i post 1, som handla om vald. Retten la avgjerande vekt på forklaring frå vitne som fortalte at fornærma ikkje gjorde motstand før slag nummer tre. Han låg då i bakken.

Fornærma hugsar ikkje noko av det som skjedde utanfor lokalet. Han meinte han hade knekt nasa i kampen, men det viste seg å kunna stamma frå ein gamal skade.

Osingen var òg tiltalt for å ha krenka andre sin fred då han ringte på eit hus midt på natta, samanhengande i 15 minutt, for å spørja etter ei jente. Då han blei avvist klatra han opp på taket på huset.

Dette er eit lovbrot som normalt blir avgjort med bot.

Han var i tillegg tiltalt for å, i vinter, ha trykt opp 500 russekort, sjølv om han ikkje er russ, med bilde av seg sjølv saman med ei lettkledd jente. Jenta hadde ikkje samtykka i bruk av bildet.

Då det viste seg at russekorta ikkje var delte ut, berre 4-5 eksemplar, som rektor raskt fekk tiltalte til å hanka inn igjen, blei tiltalte frifunnen på denne tilleggsposten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.