Sport | 01. feb. 2011

Dømt i dag

Erik Tysse er utestengt i to år for bruk av CERA. Kappgjengaren ankar dommen.

Dømt i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. feb. 2011 21:41

Tysdag 20. juli blei det kjent at osingen og Norna-Salhus-gangaren Erik Tysse hadde testa positivt for uthaldsdopingmiddelet CERA.

Både A- og B-prøven, som blei tatt i Italia 1. mai i fjor, var positive. I dag blei han dømt til to års utestenging av domsutvalet i Norges idrettsforbund.

– Det som skuffar meg frykteleg er at domsutvalet fullstendig avfeier dei bevisa mine sakkyndige har lagt fram. Eg blir forbanna, for eg veit jo at eg ikkje har dopa meg, seier Erik Tysse til BA.no.

Tysse har bestemt seg for å anka saka vidare til appellutvalet i Norges idrettsforbund.

Blir dommen ståande er Tysse utestengt til 8. juli 2012. Han kan ikkje konkurrera eller delta i organisert trenig frem til denne datoen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.