Lokal | 14. juli 2014
Dømt for promille i båt
Mannen som i fjor havarerte utanfor Halhjem er dømt for promillekjøring med båt.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. juli 2014 06:32
I april 2013 havarerte ein mann i 60-åra utanfor Halhjem.
Mannen blei funnen av slektningar og var sterkt nedkjølt då han blei funnen på eit svaberg i kulden.
Os brannvesen frakta mannen til land og han blei tatt med til Haukeland.
Blodprøve tatt tre timar etter at han blei funnen viste ein promille på 1,88.
Sikta møtte tidlegare i juli i Nordhordland tingrett og tilsto.
Mannen, som tidlegare er dømt for promillekjøring med bil, blei dømt til å betala ei bot på 5000 kroner og til 21 dagar fengsel på vilkår.