Lokal | 12. nov. 2018

Dømt for promillekøyring

Blei stoppa på Moberg tidleg på kvelden ein onsdag i mars.

Dømt for promillekøyring
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. nov. 2018 11:27

Politiet var skuffa då dei, midt på dagen ein fredag i mars, tok to promillekøyrrar i Industrivegen, ein veg som òg er skuleveg.

– Det viser seg dessverre gang på gang at det òg blir stoppa bilistar med promille på dagtid midt i veka, sa politibetjent Sindre Hallem til Midtsiden.

To dagar tidlegare, i 19.30-tida på kvelden, hadde politiet stoppa ein bilist på Moberg, også han mistenkt for promillekøyring.

Blodprøve viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,6 promille. I førre veke var saka hans oppe i retten.

Sikta, ein mann i 30-åra frå Os, møtte i retten og tilsto.

Han blei dømt til 21 dagar fengsel, ei straff som blei utsett med prøvetid på to år. Han blei òg dømt til å betala ei bot på 28.000 kroner, og til tap av førarretten i 14 månadar.

Han vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.