Lokal | 15. apr. 2019

Dømt for trugslar og hærverk

Erkjente seg skyldig i 3 av 8 tiltalepunkt.

Dømt for trugslar og hærverk
Ein mann i 20-åra frå Os vart nyleg dømt for truslar og hærverk. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 15. apr. 2019 07:20

Ein mann i 20-åra frå Os sto i slutten av mars tiltalt for 8 punkt. Blant desse var vald og forlumeping av offentleg tenestemann, skremmande åtferd og skadeverk.

Ein onsdagskveld i april i fjor, då politiet skulle pågripa han for å ha tatt eit brannslukkingsapparat, sette han seg til motverge. Etter å ha fått handjern å seg, sparka han fleire gongar mot politiet.

To dagar seinare slo han ein tilsett i arresten i ansiktet.

To gongar i september året før gjorde han skadeverk på to ulike institusjonar, ved det eine tilfellet truga han òg to av dei tilsette.

Same månad blei han tatt to gongar på Amfisenteret på Os med knivar eller andre skarpe gjenstandar.

Mannen er òg i april i fjor, tatt med 28 ml av dopingmiddelet trenbolone.

Sa seg delvis skyldig

Han erkjente straffeskyld for trugslar og for å ha kasta spade, kniv og sparkesykkel mot to tilsette ved ein institusjon, og for å knusa ei verandadør på ein annan instistusjon, men ikkje for å gå med kniv på senteret utan aktverdig grunn, eller for å ha truga politiet.

12 vitne gav forklaring i retten.

Tiltalte, som er tidlegare dømt fleire gongar for liknande forhold, blei dømt til 6 månadar fengsel. 139 dagar varetekt kom til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.