Bjørn Egil Døsen (t.h) blei kåra som vinnar av ølbryggjarkonkurransen. (foto: Andris Hamre)

Døsen vann øl-konkurransen

God stemning i sola på Oseana under årets ølfestival.

image
Av: Andris Hamre

Laurdag inviterte Oseana saman med Bjørnafjorden bryggeri til den tredje utgåva av Oseana Ølfestival.

– Det var så fint vêr at vi fann ut at det var for gale å ha det inne, så vi flytta heile arrangementet ut på terrassen, fortel Veronica Søilen Halhjem.

Det gjorde dei lurt i. I solskinet med utsikt over Bjørnafjorden koste både utstillarar og besøkande seg med noko leskande i glasset.

Til årets festival hadde Bjørnafjorden Bryggeri, Lysefjorden Mikrobryggeri, Ekangersmuget, Haandbryggeriet, Håndbryggeriet En Liten Øl, Kinn, 7Fjell og Mjøderiet kokt smakfulle variantar av ulike typer øl.

Mellom anna stilte En Liten Øl med eit øl som du til vanleg berre får servert på Solstrand, nemleg ølet «Sandholmane».

Med bringebær frå Fusa

Som ein del av festivalen blei det arrangert ølbryggjarkonkurranse blant bygdas mange heimebryggarar. I årets konkurranse var det krav om at éin ingrediens skulle vera lokal, kva dette skulle vera var det ikkje stilt krav om.

På tredjeplass og heiderleg omtale kom Kjell Magne Hjelle, som hadde nytta blæretang i sitt bidrag. Andreplassen gjekk til Pål Skotheim, som hadde levert en brakelogg med blåbær.

Vinnarane, som får ølet sitt brygga i fullskala hos Bjørnafjorden Bryggeri, blei Bjørn Egil Døsen, som vann med ein Berliner Weise med bringebær.

– Det blir heilt perfekt det, kommenterte Døsen til Midtsiden etter at han var utropt som vinnar.

– Bæra kjem frå Fusa, men eg har ikkje brygga det heilt åleine. Vi er fire bryggarar som saman utgjer Dalsvegen Undergrunnsbryggeri.

– Ølet har vi komponert sjølv, og det er kjekt at det går an å vinna med noko anna enn ferdige bryggesett, sa Døsen med eit smil.

Fleire saker