Down by the riverside
Video: Osøren Jazzensemble leverte då dei inviterte til 17. maikonsert på Oseana.
Drygt 150 feststemte osingar fann vegen til ettermiddagskonsert i foajeen på Oseana nasjonaldagen. Osøren Jazzensemble i samarbeid med kulturhuset tok opp igjen tradisjonen med å halda jazzkonsert på Mobergsneset.
- Her var det mange kjente ansikt, smiler klarinettist Geir Mildestveit.
Vêret var ikkje heilt på arrangørane si side. Konserten var planlagt på terrassen framfor Oseana, men blei flytta inn sidan det var regn i lufta.
- Det hadde vore stas om vi kunne spelt ute, men eg trur folk koser seg og har det kjekt. Det er det viktigaste.
Saman med seg hadde dei seks jazzglade musikantane Tone Linn Mjånes på vokal. Dei trylte dei fram den eine gladlåta etter den andre gjennom dei tre setta dei spelte.
Sjå klipp frå første settet i videoen nedanfor (foto: Andris Hamre)