Lokal | 11. okt. 2010

Døydde etter påkjørsle

Ein ung hjort måtte bøta med livet i morgontimane måndag.

Døydde etter påkjørsle
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. okt. 2010 09:22

Måndag morgon blei ein hjort påkjørt av ein bil på Byvegen mellom Ulvenskiftet og Hetleflåten.

- Føraren som kjørte på hjorten skal ha kjørt vidare, men nokon som kom til staden etterpå tok hand om den sterkt skadde hjorten, fortel Espen Andersen frå ettersøkslaget.

Då Andersen kom fram var hjorten, ein spissbukk, død.

- Gutane som hadde stoppa ved hjorten dirigerte då trafikken, seier Espen, som tok med seg den daude hjorten.

- Ver varsam, særleg om morgonen og om kvelden, og hugs å merka staden godt om uhellet har vore ute, seer Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.