Næringsliv | 13. feb. 2009

Dra til Sjøs 2009:

Alutec på offensiven - Askeladden på billigsal.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. feb. 2009 09:20

Fleire osingar stiller ut på 15. utgåva av båtmessa Dra til Sjøs i Arenum. Midtsiden.no var innom første messedag.

Smartare flytebrygger

Alutec AS har ved sida av stillasproduksjonen laga flytebrygger i mange år, men omsetnaden av brygger har til no vore ein liten del av drifta.

- Rundt 10 prosent av samla årleg omsetnad på 60 til 70 millionar kroner stammar frå sal av flytebrygger. Vi har aldri fremja bryggene i vår marknadsføring, så i fjor bestemte vi oss for å endra på nettopp det, seier Aspenes.

Resultatet er ny design, utvida sortiment og fleire spennande nyvinningar. Som dei integrerte søkkefrie flyte-elementa, med eigen kasse for fortøyingar, så ikkje dei bles på sjøen og får groe på seg.

- Dei fungerer også som fender, og dei ligg meir stabilt med betre oppdrift.

Flytebryggene blir også meir eller mindre lydfrie, med nye foringar i festa for utriggarar og fortøyingsbommar. Løysinga gjer bryggene meir fleksible, og kan leverast i alle storleikar.

- Dette har blitt veldig godt mottat, og allereie skapt misnøye hos konkurrentar som har vore forbi. Nedgang i båtmarknaden eller ikkje, eg er sikker på at vi kan kapra marknadsdelar og dobla omsetnaden av brygger, seier Aspenes.

Båtfiksar og kaibyggar

To andre utstillarar frå Os, Båtens Beste og Os Kaiservice, stiller ut på Dra til Sjøs for første gong i år.

- Vi har fått ein god start med det nye firmaet vårt, særleg i slutten av januar kom det inn mange oppdrag, seier dagleg leiar i Båtens Beste AS, Jonathan Dyrstad.

Dyrstad driv båtverkstad i Askvik, og tar alt av reparasjonar, bortsett frå mekanisk.

- Standen vår er liten, men stor nok. Vi får vist oss fram, og det ser ut som om marknaden er bra.

Os Kaiservice driv med både kaibygging, armering i sjø, arbeidsbåt og vedlikhald av grunnmurar på eldre naust.

- Vi satsar på å bygga 10 til 15 kaiar i år, og søkjer etter folk, fortel Jarle Øvreeide.

Fleire står på ordreblokka, og messa ser ut til å føra til fleire bestillingar.

- Det er litt kaldt å bygga ved sjøen så tidleg på året, men februar og mars har ofte låg sjø når de er fjøre, så det er ei fin tid å starta kaibyggesesongen på.

Askeladden på auksjon

Askeladden er også godt representert på messa, på Johs Lunde sin store stand. Men prisane er heller små.

Lundegruppen kjøpte som kjent varelageret på over 200 båtar frå konkursbuet, og fleire store modellar blir selt på auksjon på messa.

Får du tilslag på utropspris får du nokre ekstra hundre tusen å kjøpa diesel for til våren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.