Sport | 27. okt. 2017

Dramatisk på Nore Neset

Nore Neset kjempar om å holde seg i 5. divisjon. Legg inn protest.

Dramatisk på Nore Neset
Mats Lepsøe skåra målet for Nore Neset (lesarbilete: Bjørn Fosen)
Andris Hamrefredag 27. okt. 2017 19:10

Fredag kveld møtte Nore Neset Nordre Fjell til siste, og avgjerande, serierunde i 5. divisjon avdeling 3. Med siger ville Nore Neset sikra plassen.

– Kampen endar 1-1 etter at Mats Lepsøe skårar på straffe etter eitt og eit halvt minutt, fortel trenar Arne Vaksinen Sælensminde.

Nore Neset la seg lavt og lot gjestane frå Nordre Fjell køyra kampen.

– Dei spelte langt og fekk ballen i mål etter 43 minutt med Nest Sotra-trenar Arne Landro.

– I andre omgang er det vi som køyrer kampen og har flust med sjanser, men vi fekk ikkje ballen i mål.

Legg inn protest

Truleg held ikkje 1-1 mot Nordre Fjell, men det er håp i hengande snøre.

– Vi kjem til å legga inn protest, då Nordre Fjell nytta spelarar som ikkje var speleberettiga.

– Kva går det i?

– Dei hadde spelarar på banen som skulle stått over grunna gule kort og dermed hatt karantene.

– Vi får sjå korleis det går, men vi meiner vi har ein god sak. Om det hjelper er litt usikkert. Det går rykter om at Bønes overraskande vann overraskande 3-1 mot Frøya. Om det stemmer så held det ikkje uansett, då Bønes har betre målforskjell enn oss, seier Sælensminde.

Hordalandsfotballen sin målservice på facebook stadfestar resultatet til 1-3 mellom Frøya og Bønes.

Frøya var forøvrig seriemeister med fire poeng.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.