Kultur | 09. apr. 2010

Drange-Dvergane

Dei er litt frå Drange, De Musikalske Dvergene som laurdag er tilbake på Kafé Ole B.

Drange-Dvergane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. apr. 2010 13:25

"Dvergenes plater er puslet i hop over lang tid, og innspillingene har vært et sammensurium av innfall og pussige kompromisser" skriv De Musikalske Dvergene i si "bortforklaring" på heimesidene til bandet.

De Musikalske Dvergene har selt rundt 50.000 plater til saman. Deira førre album, Uten store ord, var det sjette i rekkja og blei gjeve ut i 2008.

- Når dvergane skal "på landet" har dei Os i sikte. Dei ringer og vil tilbake og seier Kafé Ole B er kjekkaste plassen dei spelar, seier innehavar Reidar Engelsen.

Litt forhold utanom det musikalske har dei også til krinsen, to av bandmedlemmane har hytte på Drange. Dessutan har dei songen "Dauingen fra Drange", som truleg også blir å høyra i løpet av kvelden laurdag 10. april.

- Eg veit ikkje om den er fast på repertoaret, men dei har eit publikum som kjem igjen og igjen, og dei fleste av dei ventar nok å høyra blant anna denne låta kvar gong.

Men konserten i morgon kjem også til å handla om andre plassar i Os. Ray Davies-låta "Holiday Romance" har blitt fornorska og handlar no om ein bergensar som har eit sidesprang på Solstrand Hotel & Bad, fortel dvergane-grunnleggjar Grønhaug til Os og Fusaposten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.