Lokal | 12. jan. 2015

Drange har det verst

Det er framleis nesten 400 utan straum i Os, over halvparten av desse bur i Lysefjorden og på Drange.

Drange har det verst
Skogrydding i Hegglandsdalen, der det er svært mange feil på linjene. (Foto: BKK Nett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. jan. 2015 09:02

Fleire fekk straumen tilbake søndag kveld, nokre av dei, i Hegglandsdalen, via eit større naudaggregat frå BKK Nett.

Lesarar frå Nordmarka har fortalt Midtsiden om halv spenning, at verken omnar, varmekablar eller komfyr virka.

Også i Hagavik skal det ha vore problem, der det har vore kopla inn to fasar, og at komfyr dermed ikkje virka.

– Vi har også fleire område som er heilt utan straum, seier Anne Mette Tuvin frå BKK Nett.

Desse er utan straum måndag (tal frå klokka 04.00 i natt):

• Søvik, Drange, Lysekloster: 228
• Søfteland, Nordmarka, Flaterås, Gåssand, Røykenes: 85
• Hegglandsdalen, Berge, Eidsbrekka, Moldadalen: 29
• Storum, Lepsøy: 27
• Granlia, Kuven, Ådnadalen, Ulven: 10

I tillegg kjenner vi til at fleire eller alle i Strøno er utan straum. Fleire, som Drange, har vore utan straum i snart to døgn.

– Kor tid kan folk rekna med å få straumen tilbake?

– Det er vanskeleg å seia, vi har veldig mange feil på linjene. Men vi har jobba for fullt frå klokka 7 i dag og har inn fleire eksterne, både samarbeid med andre nettselskap og private firma som bistår med skogrydding.

– Kva blir gjort for dei som har vore lenge utan straum. Kan dei for eksempel rekna med å få eit aggregat på plass i ettermiddag, om dei ikkje har fått straumen tilbake i løpet av dagen?

– Vi prioriterer område der det er fare for liv og helse. Elles er det også opp til kvar kommune å hjelpa innbyggarane sine.

Os kommune oppretta ein krisetelefon (915 68 590) i går.

Nokre få ringte inn, men det meste blei løyst per telefon.

I dag blir det gjort fleire tiltak.

– På Drange er det nokre eldre som har det veldig kaldt. Der er heimesjukepleien i sving og skal saman med pårørande finne løysingar for desse, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.