Drapet i Åsen skal opp i retten frå torsdag
«Var drapet planlagt?» Det er blant spørsmåla som skal opp i Bergen tingrett, som har sett av fire dagar til saka om drapet på Trude Brenna Aasen.
Torsdag 9. mars klokka 9.30 startar saka mot Trude Brenna Aasen sin fråseparerte ektemann.
Mannen er tiltalt for brot på straffelov (2005) paragraf 275: «Den som dreper en annen, straffes med fengsel fra 8 inntil 21 år.»
Bakgrunn for tiltalen:
Søndag 24. april 2016, cirka klokka 17.30, i ein bil parkert utanfor ein bustad i Lyseklostervegen, stakk han si fråseparerte kone Trude Brenna Aasen i magen og i brystet med kniv. Minst eitt stikk gjekk gjennom hjartet. Ho døydde av forblødning.
• Les òg: Erkjenner straffeskyld
Det er sett av fire dagar til saka.
Risikerer 5-6 år lengre straff
I desember skreiv BT at statsadvokaten meiner at drapet var planlagt.
Forsvarar Per Magne Kristiansen seier til BT at han ikkje ønskjer å kommentera dette, men at han vil imøtegå bevisa når saka kjem for retten.
Om tiltalte blir funnen skyldig i planlagt drap kan det bety 5-6 år lengre fengelsstraff.
– Eg plar ikkje seia noko om kva påstand om straff vi kjem med i retten før eg har halde prosedyren min, seier aktor Benedicte Høgseth til Midtsiden.
– Men spørsmål om drapet var planlagt kan bli sentralt, legg ho til.
• Les òg: Ei veke i sorg
Om drapet i Åsen
• Klokka 18.40 søndag 24. april fekk politiet melding om drap i Lyseklostervegen, ved ein bustad i Åsen.
• Politiet rykte ut og fann Trude Brenna Aasen død i ein bil ho hadde lånt av ei venninne. Ho var utsett for fleire knivstikk.
• Litt over klokka 19 ringte ektemannen og sa at han sto bak drapet. Han hadde då tatt seg inn til Os og ringte mens han sto utanfor Os lensmannskontor. Han blei pågripen utan dramatikk og blei seinare same kveld sikta for drap.
• Tysdag 26. april blei han, i lukka rettsmøte, varetektsfengsla i fire veker. Han sit framleis fengsla.
• Paret blei separert nokre månadar før drapet og møttest for å signera nokre papir då drapet skjedde.