Lokal | 20. juli 2009

Dreg ifrå

Oselvaren leiar no nasjonalbåtkåringa med ei halv båtlengd på åfjordsbåten.

Dreg ifrå
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. juli 2009 12:02

Dei siste vekene har oselvaren og åfjordsbåten bytt på å leia avstemminga i konkurransen om å bli Noregs nasjonalbåt.

Den eine kvelden i førre veke leia oselvaren med berre 5 stemmer, men no er leiinga på 839 stemmer.

Likevel bør ikkje dei som vil ha oselvaren til nasjonalbåt legga årene inn, for åfjord-gjengen har mobilisert før, og det er om lag ein månad igjen til konkurransen skal avgjerast, 17. august.

Det er 10 nominerte i kåringa, her stemmene dei har fått til no:
Oselvar: 8154
Åfjordsbåt: 7351
Nordlandsbåt: 2430
Nordmørsgeit: 302
Colin Archers skøyte: 145
Sjekta/snekka: 37
Hurtigruta: 29
Redningsskøyte: 20
Vikingskipa: 16
Jekta: 9

Her kan du sjå oppdaterte resultat og korleis du kan stemma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.