Drept av stump vald
Drapssaka, dag 2: Ekspertane sitt vitnemål. Rettsmedisinarane og åstadsgranskarane konkluderer med at avdøydde blei drepen som følgje av knyttneveslag mot hovudet.
Dag to i rettsaka etter drapet på Hilda Feste er via ekspertar, åstadsgranskarar og andre politiekspertar. Det har vore ein tøff gjennomgang for pårørande og tilhøyrarar i salen kor bilete frå åstaden og den sikta 19-åringen sin bustad har blitt presentert.
Fyrst ut i vitneboksen var rettsmedisinarane frå Gades Institutt/Universitetet i Bergen professor dr. med Morild og 1. amanuensis dr. med Lilleng.
Dei to rettsmedisinarane gjorde greie for sine undersøkingar og funn på avdøde og konkluderte med at ho truleg var blitt bevisstlaus etter relativt kort tid.
- Det er ikkje mogleg å fastslå kor lenge ho var bevisstlaus før døden inntraff, svarte professor Morild på spørsmål frå aktor Gert Johan Kjelby.
Har sett mykje
Dommaren lurte om på rettsmedisinarane kunne seie noko om krafta og intensiteten som blei brukt.
- Vi kan ikkje seie noko om antal slag, men ut frå blodspora på åstedet kan seinere vitne moglegens seie noko om det.
- Vi har sett mykje og dette var omfattande, forklarte de to rettsmedisinerne før åstedsgranskerne inntok vitneboksen
- Tiltalte har vore på åstedet
Åstadsgranskarane politispesialist Oddvar Moldestad og politibetjent Trude Wergeland gjorde greie for det arbeidet som blei gjort på åsteden, og etterkvart i tiltalte sin heim.
- Det var store undersøkingar som blei gjort, kor vi gjekk grundig tilverks på åstaden, slo Wergeland fast.
Politet har ikkje funne brytespor på dør eller dørkarm, noko som indikerar at avdøyde har slept gjerningsmannen inn. Gjennom eit nitidig arbeid har politiet avdekka ei rekkje fotavtrykk på åstaden. Samtlige av desse har blitt gjort greie for.
- I rapporten frå Kripos er ei rekkje av avtrykkene på soverommet, badet, hallen og yttergangen karakterisert til å kunne være frå tiltalte sine sko. Eitt avtrykk er karakterisert som sannsynligvis å vera frå skoa hans, forklarte Wergeland.
Kripos nyttar seg av ein skala for å klassifisere funna kor antal treffpunkt, mønstertype, slitasjetype, innbyrdes avstander og skader på forttøyet avgjer kor sikre dei er på konklusjonen.
- Konklusjonen er at tiltalte har vore på åstaden og at han har vore åleine, slo Wergeland fast.
Påviste sine egne sko
Under undersøkingane heime hos tiltalte tok politiet mellomanna bilete i yttergangen kor det sto eit par spesielle sko. I avhør sa tiltalte sjølv at det var desse skoa han hadde hatt på seg 1. nyttårsdag. Det var desse skoa politiet mener å ha funne avtrykk av på åstaden.
På tiltalte sitt rom fant også politiet ein bossekk med eit putevar og tøystykker kor DNA-markørane stemmer overeins med tiltaltes og avdødes DNA.
Slått ihjel
Siste vitne før retten tok lunsjpause onsdag var politioverbetjent Audun Kolstad frå Kripos som vitna om korleis ein kunne tolka blodspora på åstaden.
- Spesifikke spor tydar på at det er slått med knytta hand og ikkje slagvåpen.
- Truleg har gjerningsmannen satt på kne på høgde med avdøyddes hofteparti og slått med venstre hand. Det ser vi ut frå blodspora på veggen her, forklarte Kolstad og peika på veggen på bilete han viste retten.
Han underbygde den teorien med at det ikkje var funne fotspor i blod, noko som ville vore sannsynleg om gjerningspersonen hadde stått oppreist.
- Reagerte du, med di erfaring, på den valden som hadde blitt utført? undra aktor.
- Vi kan ikje seie noko om antal slag som har blitt slått, men eg reagerte på den massive valdsutøvinga.
- Det har ikkje vore ein kampsituasjon, tilsynelatande har det vore vald mot ei hjelpeløs kvinne, forklarte Kriposetterforskaren.