Sport | 07. aug. 2015

Driftar på Eikås i helga

I helga blir det blårøyk på Eikås når noregselita i drifting køyrer 4. NM-runde. På startstreken står òg ein osing.

Driftar på Eikås i helga
John Haugland køyrer NM i drifting på Eikås i helga (privat foto)
Andris Hamrefredag 07. aug. 2015 07:17

Drifting er ein køyreteknikk kor ein førar lar bakhjula kontrollert sladde og der føraren må motstyra bilen rundt ein trasé eller bane. Vanlegvis blir køyrelinja, som er designa av eit fagdommarpanel, laga ut frå ei linje som gjev høgst fart og vinkel som ein bil er i stand til å beherske.

– Dette blir den andre NM-runden på meg i år. Eg køyrde til ein 3. plass i runde tre på Frøya. Dei to første rundane kunne eg ikkje stilla på grunna jobb, fortel John Haugland, den einaste osingen som stiller på Eikås i helga.

Einaste bilen

Haugland køyrer ein Pontiac GTO '05 med ein BMW M5 V8.

– Det er ein bil som ikkje er vanleg å sjå i konkurransekøyring. Eg er den einaste i Noreg som køyrer denne modellen i konkurransar.

På startstreken på Eikås står 38 bilar frå heile landet.

– Det blir eit storslått arrangement med 38 bilar frå heile landet og 16 bilar frå del lokale drifteteamet, Bergen Drift Team, som eg er ein del av. Det blir køyring både laurdag og sundag, avsluttar Haugland som køyrde inn til 9. plass samanlagt i NM i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.