Lokal | 23. des. 2009

- Dritbra juleferie!

Nokre timar etter at siste skuledag var over kom snøen. No frydar ungane seg over ein perfekt start på juleferien.

- Dritbra juleferie!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. des. 2009 07:41

Bildeserie:

1 av 6

Fredag kveld byrja det å snø og i løpet av den første helga i juleferien kom det rundt halvparten av den halve meteren med snø som først var meldt.

Minusgradane som følgte gjer at snøen blir liggande, i alle fall fram til jul, noko som skapar stor aktivitet i akebakkane rundt om i bygda.

Tysdag ettermiddag var vi innom Tøsdal, og der var fire gutar i full sving med å bygga hopp, kasta snøball på kvarandre og kjøra dei mest dramatiske turane ned bakken.

- Kva synes de om at det kom snø i starten av ferien?

- Det er dritbra! Vi bur rett her borte og har fått besøk av nokre kameratar som kom med bil, seier Snorre Tønnesen Brekke.

Snorre og kameratane kan kanskje halda det gåande heilt til neste år, førbels viser nemleg langtidsvarselet minusgradar kvar dag fram til nyttårsaftan. I helga er det også venta meir snø.

Sjå langtidsvarsel for Osøyro på yr.no


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.