Hamnesjefen, her saman med eit tidlegare kull, gjekk i dag til angrep på ei lita jente i barnehagealder (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Drog ei lita jente under vatn

Hamnesjefen gjekk til angrep på barnehagebarn i Mobergsvikjo. – Eg har aldri hatt så mykje adrenalin, fortel redningsmannen.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Fredag formiddag blei det dramatisk då ein barnehage var i Mobergsvikjo for å bade og kose seg i finvêret.

– Eg var i Vikjo saman med dottera mi på 2 år då eg såg svanen kom svømmande. Det var masse ungar uti og bada. For meg såg det ut som om han hadde eitt mål for auge, fortel Ole Christian Brekke.

Drog jente med seg ut på djupare vatn

Hamnesjefen svømde rett bort til barnehageungane, som med redningsvestar leika i vannkanten.

– Der hogg han tak i kragen på redningsvesten til ei jente og drog ho med seg bakover utover fjorden.

– Eg fekk gitt dottera mi frå meg og kasta meg ut i fjorden og fekk tatt tak i halsen på han slik at han slapp taket på jenta, som då var blitt dratt med delvis under vatn.

– Dette kunne blitt skikkeleg stygt, men han skjønte teikninga då eg drog han med meg fem seks meter utover vekk frå ungane. Då svømde han unna. Eg trur aldri eg har vore så full i adrenalin som då det sto på, fortel Brekke.

Beit ungdom i båt

Dette er andre gong denne veka Midtsiden har blitt varsla om aggressiv åtferd frå Hamnesjefen.

– Då eg skulle setta ut vannskuteren tysdag kom han og bryska seg og hakka både på den og etter meg. Medan eg var oppe og parkerte bilen låg han og venta på meg ved skuteren. Då eg kom tilbake gjekk han på ny til angrep.

– Litt seinare, då sonen min skulle utpå ein tur, gjekk han på ny til angrep og beit han i skinka.

– Dette går ikkje lenger. Eg forstår at han har blitt øydelagt med dei tinga han har opplevd tidlegare, men no har han rett og slett blitt farleg og mannevond. Det byrjer å bli nok no, seier tipsaren som ønskjer å vera anonym.

– Det går ei grense

Fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) blir rysta når Midtsiden fortel om dei to episodane.

– No må vi setta oss ned og finna ut kva vi skal gjera. Dette tek vi i høgste grad på alvor. Det går ei grense, sjølv for hamnesjefen.

Midtsiden ber folk besinna seg om dei vel å kommentere på denne saka.

Fleire saker