Lokal | 20. nov. 2012

Drog nabobåten med seg

Snekka som sokk på Hatvik i dag knekte i to - og drog med seg ein skjergardsjeep.

Drog nabobåten med seg
Plastbåten låg rett veg, men vekta i snekka som ligg under vatn blei etterkvart for stor. (Foto: Kari Marie Austevoll)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. nov. 2012 10:24

Tysdag morgon fekk Midtsiden melding om båt under vatn på Hatvik.

Medan Midtsiden var på staden drog båten, ei tresnekke med overbygg, med seg båten som låg i nabobåsen under vatn.

Brannvesenet kom til staden, men fekk ikkje berga plastbåten som gjekk rundt.

– Vi fekk varsla eigar av plastbåten og politiet skal varsla eigar av tresnekka, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Snekka knekte i to. Hekken med motor ligg på botn.

– Det var heldigvis lite lekkasje frå motoren, men tresnekka må nok bergast med ein skikkeleg arbeidsbåt, for her er blir tunge løft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.