Næringsliv | 16. mars 2019

Drog på varemesse - kom heim med trofé

Marianne Havsgård og Kitch'n Os best av 150 butikkar.

Drog på varemesse - kom heim med trofé
Kitch'n Os opna i 2011. Marianne overtok for seks år sidan, og har no vunne pris. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 16. mars 2019 08:50

Bildeserie:

Prisen kom overraskande på. (Foto: KOG)
Prisen kom overraskande på. (Foto: KOG)
Blant bestseljarane - for både varm og kald drikke. (Foto: KOG)
Blant bestseljarane - for både varm og kald drikke. (Foto: KOG)
1 av 2
Prisen kom overraskande på. (Foto: KOG)
Blant bestseljarane - for både varm og kald drikke. (Foto: KOG)

– Eg sat på den årlege varemessa i Oslo og ante fred og ingen fare. Brått var eg på storskjerm og eit trofé rikare. I tillegg fekk vi ein pengesum til å nytta til noko sosialt.

Dette fortel franchisetakar og butikksjef, Marianne Havsgård.

I seks år har Havsgård drive butikken på Amfi-senteret. Butikken er ein faghandel med fokus på kjøkken, og vart starta i 2011. Etter ein kort periode kor butikken hadde ein annan drivar, er det Havsgård som har hatt styringa.

– Til å begynna med hadde vi eit heller djupt, men smalt lokale, men då vi fekk utvida sidevegs, har vi verkeleg fått oss eit drøymelokale.

• Les òg: Stor utviding av Kitch'n (2014)

På spørsmål om kva Havsgård trur er grunnen til at hennar butikk vart årets butikk i 2018, nemner ho fleire ting;

– Fleire aspekt ligg bak vurderinga, men gode tal og god utvikling - eg har jo vore her i seks år, er viktig. Det er heller ikkje berre nok å visa til ei auke i fjoråret, men når sant skal seiast, så hadde vi det òg.

Internettet tar og gir

Havsgård fortel om ein tøff bransje, og fleire som ikkje opplevde auke i året som gjekk.

– Kva tenkjer du om internett - er dette handlemønsteret noko som du ser som utfordrande?

– Netthandel er noko som vi ser kan vera med å ta omsetnad frå oss, men akkurat når det gjeld internett, har Kitch’n-kjeda gjort eit smart trekk - nemleg å innføra «klikk og kjøp».

– Dette vart introdusert i fjor haust, og betyr at du kan finna varene på nettet, reservera dei og til slutt gå til butikken og henta den. Eg som butikkdrivar sit då med omsetnaden, og du som kunde handlar når det passar deg.

Faghandel med hjarte for det lokale

Marianne er tydeleg oppteken av det å handla lokalt, både på Amfisenteret og i Os sentrum.

– Eg meiner det er viktig med lokal handel. Gode butikkar som kan faget sitt gjer att folk kjem attende.

– Sjølv om det ligg fleire Kitch’n-butikkar i bergensområdet, fortel Havsgård om kundar frå Fana som tek turen til Amfi og hennar butikk for å handla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.