Lokal | 18. okt. 2018

Drog politiet i fletta - slapp fengsel

Aktor ba om 21 dagar fengsel, i staden blei det samfunnsstraff på kvinna.

Drog politiet i fletta - slapp fengsel
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. okt. 2018 09:38

Ei kvinne frå Os blanda seg i november i fjor inn då politiet skulle pågripa sambuaren i Fana.

Sambuaren heldt på ei flaske som tiltalte visste inneheldt GHB, og for å unngå at han blei tatt med stoffet, tok ho frå han flaska mens politiet skulle pågripa han.

Så oppsto det tumultar mellom tiltalte og ein kvinneleg politibetjent.

Politiet tok handa hennar for å snakka med ho, og for å få tilbake flaska, men kvinna ytte fysisk motstand. Ho fekk tak i hårfletta til politikvinna og nekta å sleppa grepet.

Då politiet kom seg laus var kvinna rask med å ta seg ein slurk GHB før dei to hamna i same situasjon igjen, politiet med godt grep om armen, tiltalte med eit fast tak i fletta. Så kom kollegaen og hjelpte til, og kvinna blei køyrd til rusakutten.

Tiltalte møtte i retten og erklærte seg skyldig.

Aktor la ned påstand om 21 dagar fengsel utan vilkår. Begge meddommarane meinte at samfunnsstraff var rett, under tvil gjekk også fagdommar inn for dette.

Kvinna, som er i 30-åra, blei dømt til 45 timar samfunnsstraff med gjennomføringstid på 120 dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.