Lokal | 07. jan. 2018

Dropp sommarkroppen - gå for heilårskroppen!

Om hovudmålet ditt med treninga er kroppsendring, kan du bomma.

Dropp sommarkroppen - gå for heilårskroppen!
Torill Bakke er fast spaltist i Midtsiden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 07. jan. 2018 08:36

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring. Sjå lenkje til fleire treningstips nedst i artikkelen.

• Førre månad: Trener du ryggen din?

Dropp sommerkroppen og lat 2018 bli året der vi slår eit slag for heilårkroppen og ei god helse!

Januar er over oss med full kraft. Julekakerester vert gjerne kasta og alle dei gode nyttårsforsett skal settast ut i livet. Er du ein som er «all in» på trening og kosthold frå 1. januar? Går du frå å ikkje ha vore regelmessig fysisk aktiv på ei stund til å skulla trena minst 3-5 gonger per veke, og blir skikkeleg skuffa når dei store resultata ikkje viser seg etter to lange veker? Er det då nokon vits i å halda fram?

Korleis kan du eventuelt legga opp livsstilsendringa på ein god måte? Å vera regelmessig fysisk aktiv er ei viktig prioritering av eiga helse som vi alle må ta oss tid til.

Sett på spissen vert det sagt at dersom du ikkje tek deg tid til å vera fysisk aktiv i dag, må du gjerne setta av tid til sjukdom seinare.

Kroppen treng å bli fysisk utfordra kvar veke, og vi må sjølv gjera jobben. Å skulla gå i frå å ikkje vera regelmessig fysisk aktiv til å setta seg som mål å trena 3-5 gongar i veka, i det kalenderen går frå desember til januar, er sjeldan ei god oppskrift på suksess.

Begynn i det små, ver realistisk og spør deg sjølv kor mange økter er det eg kan klara å trena på det jamne heile året, og ikkje berre i januar. Sjå på kvardagslogistikken med familie, jobb og fritid, og legg opp ein plan som du kan gjennomføra over lang tid. To gode økter i veka heile året er kjempeflott og er for dei fleste mykje meir gjennomførbart enn fem økter.

Endring av vanar tek tid og krev viljestyrke. Før ei vane er godt innarbeida i kvardagen må du vera god på å planlegga og på å prioritera det du faktisk ønsker å gjera. Du må forplikta deg til det du vil, og dette skal vera ei viktig drivkraft på vegen til «eit sunnare» deg. Dette gjeld både på trening- og kosthaldsfronten. Målet med endringa må vera noko som er viktig for deg, og som du ser at det er verdt å jobba for. Spør deg sjølv kvifor dette er viktig for deg og ha ein god nok grunn til at du «står» i endringa og gjennomfører jobben.

Stikkordet her er livsstilsendring. Ikkje fall for freistinga å hiva deg på ein tilsynelatande lettvint kur som lover gull og grønne skogar innan fire veker.

Enn så keisamt det høyres ut, er det eit sunt og balansert kosthald i kombinasjon med regelmessig fysisk aktivitet som er det du bør satse på ut frå eit helseperspektiv. Også er det jo sjølve endringa av livsstilen som vil gjera at du klarer å halda resultata dine over tid. Og det er vel eit naturleg mål?

Dersom du ønsker å bli meir fysisk aktiv, og skal gjera dette til ein naturleg del av kvardagen, er det viktig at du finn ein aktivitet som du kan trivast med å gjennomføra over tid. Eg kan gjerne ramse opp mange ulike ideelle trenigsformer, men det viktige her er kva du liker å driva med. Den beste treninga er alltid den som faktisk vert gjennomført.

Eit godt råd på vegen er også ikkje å ha kropp og kroppsendringar som hovudmål for treninga di.

Ha fokus på det viktige som kjem av trening og eit godt kosthald - ei god helse med ein sterk kropp som toler meir både fysisk og psykisk. Ein sterk kropp gir også meir overskot og glede i kvardagen. Regelmessig og god trening over tid, kombinert med eit godt kosthald, vil over tid endra kroppssammensetjinga di, men lat desse endringane heller vera ein kjekk bonus enn hovuddrivkrafta ved treninga.

Visste du at ein trent kropp med nokre kilo ekstra faktisk er ein sunnare kropp ein ein tynn kropp som ikkje er i regelmessig fysisk aktivitet?

Eit siste råd på vegen er å vera tolmodig og å ha god tid. Som på så mange andre område er det godt arbeid og kontinutet som også her er nøkkelen til suksess. Ingenting skjer over natta, og ingenting kjem dessverre gratis, ei heller innan trening. Så hald ut, jobb godt og regelmessig, og nyt resultata når dei kjem.

Lat 2018 bli eit aktivt år.

Er du allereie aktiv, hald fram med det! Dersom du har som mål om å bli meir aktiv, køyr på! Alt er opp deg. Ikkje ligg på sofaen og vent på at motivasjonen skal koma snikande før du byrjar med din aktive livsstil, då kan du fort bli skuffa. Berre bestem deg, sett ein dato og gjennomfør! Det er ikkje alltid treninga freistar før du kjem deg i gang, men sofaen er garantert mykje betre etter ei god treningsøkt!

Trening er ferskvare, så her gjeld det å stå på. To økter i veka, på ein time kvar, er gjennomførbart for dei fleste, og bør prioriterast gjennom heile åre, ikkje berre i januar. I tillegg er det kjempeflott om du dagleg er i lett aktivitet i minimum 30 minutt.

Deretter må du hugsa å belønna deg sjølv når du oppnår måla dine. Eit kjempefint mål i starten er å trena to gongar i veka. Vel gjerne aktivitetar som utfordrar både kondisjon og styrke, og når du har klart dette gjennom heile januar er det på tide med ei fin belønning før du held fram med den samme gode treninga i februar.

Lykke til! Eg heiar på deg!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kosthaldsvegleiar.
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.