Næringsliv | 07. apr. 2011

Droppar dagleg leiar

Os Sentrumsforening er på offensiven, men tar seg ikkje lenger råd til å ha tilsette. Renate Iversen held fram som dagleg leiar ut juni.

Droppar dagleg leiar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. apr. 2011 09:07

– Sentrumsforeininga er i ein vanskeleg økonomisk situasjon og vi kan dessverre ikkje lenger ta oss råd til å ha tilsette, seier Øystein Engevik.

Engevik er røyrleggar og butikkdrivar i sentrum og har sidan hausten 2010 vore styreleiar i Os Sentrum, som foreininga no kallar seg.

– Det er synd at det har blitt sånn, for oppgåvene som Renate Iversen har hatt på seg på 50 prosent stilling er mange, seier styreleiaren.

Iversen har vore leigd ut til Os kommune i 50 prosent stilling. Når engasjementet hennar i OSF er over, er ho heller ikkje i jobb for kommunen lenger.

Sleper på gamalt Vårslepp

Vårsleppet, som blei starta ein maimånad for snart 10 år sidan, som eit tilleggsarrangement til marknadsdagane i juni, var lenge utan verken inntekt eller kostnad.

Så kom tivoli og storkonsertar, og sentrumsforeininga fekk inntekter på arrangementet. Men det var også risiko, noko dei seinare fekk kjenna.

– I 2009 blei det bom. Utekonsert i regn lokka ikkje mange folk, trass i at De Lillos sto på scenen, dermed blei det eit brakande underskot, noko vi framleis slit med, seier Engevik.

Deler på oppgåvene

Renate Iversen, som overtok som leiar i foreininga etter Bjarte Wiberg 1. februar 2008, jobbar ut oppseiinstida, som er tre månadar. Etter marknadsdagane blir det opp til styret å styra sentrum vidare.

– Vi ha arrangement som vårslepp, marknadsdagane, bondens dag og julegater som dei største praktiske oppgåvene. Dette vil vi i framtida oppretta arbeidsgrupper til å ta seg av, med flat struktur og rapportering til styret, seier Engevik.

– Eg håper styret og arbeidsgruppene lykkast med dette. Å halda kontinuiteten oppe og å halda dialogen varm med utanforståande samarbeidspartnarar blir nok hovudutfordringa deira vidare, seier Renate Iversen.

– Ei fin tid

Iversen seier ho har hatt ei utfordrande og spennande tid i Os sentrum.

– Oppgåvene har vore mange, og nokre har vore veldig krevjande, men det å jobba for å fremja Os som handlestad og destinasjon har motivert meg.

Kva ho finn på frå juli av er førebels ikkje bestemt.

– Eg har jobba som aerobicinstruktør som hobby i 11 år, og det blir nok framleis berre hobby. Å jobba med prosjekt, tilsvarande dei eg har hatt i Os, er noko eg kunne tenkt meg å halda fram med, så vi får sjå kva sjansar som byr seg.

Sterkare sentrum

Samstundes som foreininga skjerer til beinet for å få orden på økonomien igjen, har styret ambisjonar om å skapa endå meir liv i Os sentrum.

– Huseigarar har kome inn som ei eiga gruppe og vi vil saman med dei laga ein plan for å fylla tomme lokale, særleg på gateplan.

– Når det gjeld medlemsmassen vil vi ut til alle, det kjem nye prisar på å å vera medlem og nye fordeler med å vera medlem, no skal vi ha alle med, uansett bransje og etasje, for å skapa eit sterkare og betre sentrum, seier styreleiar Øystein Engevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.