– Du kan gå eller løpe òg
«Sykle til jobben» startar onsdag, men det er meir enn sykling som gjeld om Os igjen skal slå Askøy i kampen om å vera den friskaste kommunen.
Rett før påske låg Askøy med 21 fleire påmeldt i «Sykle til jobben»-aksjonen enn det Os hadde.
– Dei siste tala eg fekk rett før påske syner at Askøy hadde 191 påmeldte, Os 170 og Fjell 141. Askøy har virkeleg mobilisert etter at eg var litt kjepphøg her tidlegare og sa at vi skulle knuse dei. Dei er revansjelystne får sist det var kommunekamp, så no må vi trå til igjen, sier Arne Richard Stadaas, primus motor for folkehelseaksjonen i Os.
Sykle, gå eller løpe
«Sykle til jobben» blir i år arrangert for 44 gang og det er helsedepartementet og bedriftsidretten som står bak.
– Men det er ikkje berre sykling som tel med. Går du til butikken i staden for å ta bilen, så kan du registrere det. Det same gjer du om du går eller løper til jobb eller trening.
– Faktisk kan du også registrere aktivitet du allereie driv med, speler du fotball, handball eller driv med karate og er over 15 år, så bli med, oppmodar Stadaas og gir ei ekstra oppmoding til dei store idrettslaga i bygda.
Premiering kvar fredag
Det lokale næringslivet har stilt sterkt opp med ein bugnande premiepott.
– Totalt har vi vel fått inn premiar for omlag 40 000 kroner frå det lokale næringslivet. Desse kjem i tillegg til dei nasjonale premiane. Ve trekk mellom 5 og 10 vinnarar kvar einaste fredag under heile aksjonen, så her er vinnarsjansane særs høge!
– Det tek deg under 30 sekund å registrere deg, og aktiviteten du skal registrere gjer jo dei fleste av oss allereie! Alle går og småløp litt kvar einaste dag. No handlar det om å registrere denne aktiviteten i eit kollektiv løft for folkehelsa, og me skal gjere det i ein ånd av godt fellesskap og uhøgtidleg kappestrid, avsluttar Stadaas.
Registrer deg kan du gjera på www.sykletiljobben.no