Lokal | 19. sep. 2011

Dugnad med suksess

BILDESERIE: Osmessa er vel i hamn etter ein enorm dugnadsinnsats. Besøksrekord og godord er resultatet.

Dugnad med suksess
Andris Hamremandag 19. sep. 2011 10:33

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

To dagar i strekk har ein ivrig dugnadsgjeng tilknytta Nore Neset Aktivitetshus stått på seint og tidleg for å få Osmessa 2011 vel i hamn og for å tilfredsstille både utstillarar, publikum og artistar.

- Vi er jo berre nokre naboar som stiller opp, smiler messegeneral Katrine Haugland.

Haugland skryt av det samhaldet og dugnadsånden dei involverte har vist gjennom helga og ikkje minst tida før messa.

- Det har vore utruleg kjekt. Folk har stilt opp og tatt ansvar for dei oppgåvene dei har blitt tildelt.

- Det har berre vore for meg å samordna det heile, forklarar Haugland.

Måtte ta et val

Etter messa i fjor såg dei ivrige eldsjelane at dei måtta ta eit val. Anten måtte dei løfte messa innhaldsmessig eller så kunne dei berre leggje ned.

- Vi bestemte oss for at vi ville freiste å trå til.

- På nyåret starta vi difor arbeidet med å finne ut kva messa burde innehalde og korleis vi kunne favne flest mogleg.

- No tykkjer eg vi har fått ei god messe der vi har eit mangfalt av tilbod både til ungar og dei eldre.

Haugland fortel at ho fekk frysingar då ordførar Terje Søviknes sto for den offisielle opninga laurdag.

- Då visste eg at vi kom til å komma i mål, fortel Haugland.

Rekordbesøk

Som for Liafjellet Opp satte sjølve messa rekord på laurdag.

- Vi hadde omlag 1500 besøkande innom laurdag, fortel Haugland. Talla for sundag var ikkje klare då Midtsiden.no snakka med ho sundag ettermiddag, men også sundagen såg ut til å bli godt besøkt.

- Det har blitt overraskande bra besøkt i dag òg. Eg var litt skeptisk til vêret, men folk lar seg tydelegvis ikkje stoppa, smiler messesjefen.

Allereie ti over halv elleve sto dei første på døra og ville inn, sjølv om messa ikkje opna før elleve.

Parkering fungerte

For å betre parkeringstilhøva hadde messearrangørane inngått samarbeid med Rolls Royce om parkering.

- Skyttelbussen har gått i eitt. I dag sto det folk og venta da første turen gjekk klokka elleve, så det å nytte parkering der borte har så absolutt fungert.

Stor interresse

Utstillerane verka òg nøgd då midtsiden var innom sundag.

- Vi har hatt mange fleire folk bortom for å høyre om båt og båtplassar enn eg hadde venta, fortalde Truls Marceliussen hos Os Båtutleige.

- Det er tydelegvis mange som ønskjer å ha båten liggande ute heile vinteren, men som har litt utsatt plass til den og som har spurt om å leige båtplass hos oss i Haugsnesfjero i vinter.

Zumba og vener

To av dei mest populære aktivitetane sundagen var Rosa sløyfe Zumba i teltet framfor skulen til støtte for forskning på brystkreft og barneaktivitetane i Torvhålo.

- Når Vennebyen har kjørt showa sine har det mest ikkje vore ein plass å oppdrive inne i Torvhålo, avsluttar Katrine Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.