Dugnad og frivillig arbeid er «limet» i eit samfunn
Lesarinnlegg: Støtt opp om initiativtakarar og eldsjeler. Dei er avgjerande for å skape eit godt samfunn for oss alle.
Idrettsgallaen er på NRK, og både utøvarar, trenarar og lag verdt heidra for suksess i året som har gått. Eit år som nok ein gang har brakt mykje heider og ære til Noreg sine mange dyktige idrettsutøvarar. Men for meg står ein pris over alle desse andre, nemlig prisen til årets eldsjel. Prisen som heidrar frivilligheita i Noreg.
Frivilligheita og dugnadsanda er ein av dei grunnleggande verdiane som eg brenn sterkast for, og som eg trur også blir særs viktig i framtidas Noreg. Dugnad og frivillig arbeid er «limet» i eit samfunn. Den fremjar fellesskap og samhald - det gjer nye vener og mykje glede.
2016 er som sagt lagt bak oss, og mange hundre osingar har lagt ned tusenar på tusenar av dugnadstimar i organisasjonslivet i den flotte kommunen vår. Og sjølv om ingen av desse kom på TV i kveld, er innsatsen deira like uvurderleg for fellesskapet. Alle desse osingane fortener ei stor takk for den innsatsen dei gjer for å skapa livskraft og gleder for alle.
I desse dagar er alle dei flotte organisasjonane i Os Kommune på leit etter nye eldsjeler, på leit etter personar som kan utføra små og store oppgåver som må løysast også i 2017. Eg er overtydd om at det i dag sit mange både gamle og nye osingar som har nettopp dei eigenskapane som organisasjonane søker, men som sit på gjerdet i påvente av å bli spurd. Mi oppmoding til dykk er – IKKJE VENT, meld dykk til teneste. De får vera med på noko meiningsfylt og viktig. De får vera med på å skapa trivsel og glede for små og store.
Husk at din entusiasme inspirerer! Stett opp om initiativtakarar og eldsjeler. Dei er avgjerande for å skapa eit godt samfunn for oss alle, men dei kan aldri lukkast aleine.
Gler meg til å få vera ein del av frivilligheita også i 2017.
Alle kan noko, og saman kan vi mykje!
Eirik André Hesthamar