Næringsliv | 06. mars 2018

Duka for dyrisk moteshow

Sentrumsleiaren lover stor variasjon når Os sentrum skal visa vårens moter på Oseana.

Duka for dyrisk moteshow
Publikum kan venta seg litt av kvart under moteshowet fredag (foto: Kari M. Austevoll)
Andris Hamretirsdag 06. mars 2018 10:42

Fredag kveld inviterer Os sentrum for tredje gang til moteshow i Oseana. Trass i at han er i pappapermisjon har sentrumsleiar William Lindborg full kontroll, eller kanskje berre nesten...

– Det byrjer å fylle seg opp. Vi har selt litt over hundre billettar så langt, og legg no ut billettar også på Madam Ane og Moberg sko i tillegg til via Oseana si heimeside.

– Eg trur det kjem til å bli veldig bra. Vi kjem til å vise ein plass mellom sekstifem og sytti antrekk. I tillegg kjem dyrebutikken på scenen, men eg veit ikkje kva dei stiller med så eg må innrømma at eg er litt spent, ler Lindborg når Midtsiden snakkar med han.

Crash-kurs i catwalking

Stine Kobbeltvedt og Anne Marie Aarøen Vangsnes frå «Kvinneforeningen - med adgang for menn» er hyra inn til å leie showet.

– I år har vi ikkje skrive ei samanhengande historie, slik som vi har gjort nokre gangar tidlegare, men spinn rundt konseptet til kvinneforeningen. Mellomanna med å flytta salongen deira ned på Oseana og invitere modellar og gjester opp i den.

– I tillegg kan eg røpa at dei to damene skal få eit kurs i korleis oppføra seg på catwalken av ingen ringare enn Steinar «Prikken» Bøe. Steinar er ein røynd catwalkar, som har lært opp mang ein modell på Os opp gjennom åra. No er tida kome for at Kobbeltvedt og Vangsnes lærer seg knepa.

Deler ut gåver for 30.000

Publikum på moteshowet skal ikkje berre få sjå rundt tredve modellar som viser våren og sommarens mote, men kan også vera heldige å gå heim med gåver frå sentrumsbutikkane.

– Vi har samla inn ein heil haug med premiar som blir trekt på billettane. Vi er i allefall oppe i ein verdi på 30.000 kroner.

– Det er tre billettkategoriar til årets show. Vip-billettane er ved runde bord heilt framme ved catwalken. Så har vi ein kategori fremst i amfiet og ein tredje kategori litt lengre bak i amfiet. Men uansett kor ein vil sitta, så kan eg lova at alle skal sjå godt. Vi kjem nemleg til å køyra med videoproduksjon slik at alle detaljar kjem opp på lerretet bak modellane, fortel Lindborg som seier at meir eller mindre alle medlemmane i sentrumsforeninga er involvert på eit eller anna vis i samband med showet.

– Mellomanna blir det ei utstilling i foajeen med varer og folk frå eindel av butikkane i sentrum i forkant av sjølve moteshowet.

Avsluttar med boblefest

Også etter showet lover Lindborg liv.

– Det er jo ein fredag, og ein fin dag å ta ein tur ut saman med klubbvenninnene. Difor inviterer vi til boblefest og musikk med DJ Osablod nede i restauranten etter moteshowet, avsluttar sentrumssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.