Dumpa aviser med feil årstal
15-20 buntar med Dagbladet, VG og Dagens Næringsliv ligg slengt på ein rasteplass på Bogstrand.
Laurdag, etter å ha vore på ein spasertur, oppdaga Agnar Midtsæter at nokon har slengt frå seg store mengder ferske aviser på ein rasteplass på Bogstrand.
– Det er sikkert 15-20 pakkar med aviser, VG, Dagbladet og Dagens Næringsliv, fortel han.
Avisene er ferske, for 8. og 9. desember. Dagbladet er så «ferskt» at det er før tida, merkt med årstalet 2019.
Om det er feil årstal som gjer at avisene har blitt dumpa, veit vi ikkje.
Ifølgje ein etikett skulle avisene ha vore levert hos Extra på Bergen Storsenter, 55 kilometer vekke.
– Dei må ha blitt dumpa natt til laurdag eller laurdag morgon. No blir det nok opp til oss naboar å rydda, for dette tar nok ikkje Bir med seg utan vidare, seier Agnar.
Midtsiden kontakta VG laurdag kveld, utan å få tak i distribusjonsavdelinga, og har no varsla Dagbladet.