Politiet rykte ut til gjestebrygga ved Esso i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Politiet rykte ut til gjestebrygga ved Esso i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dundra i brygga med eit brak

Mistenkt for å køyra båt med høg promille.

Kjetil Vasby Bruarøy
29. juli 2020 - 9:09

Tysdag klokka 22.17 fekk politiet melding om mogleg promillekøyring i Os hamn.

– Båten, som er skildra som ei snekke, skal ha køyrd i gjestebrygga ved Esso med eit brak, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Folk på brygga reagerte dessutan på dei to personane som kom på land. Begge skal ha framstått som fulle.

Politiet rykte ut. På staden fekk dei mistanke om høg promille.

Mistenkte, ein mann i starten på 40-åra frå Os, blei tatt med til legevakt for å ta blodprøve.

Det er oppretta sak, og politiet vurderer beslag i båtførarbevis, eventuelt ilegging av køyreforbod. 

Kva konsekvens får beslag av båtførarbevis?

Mistenkte er fødd tidleg nok (før 1. januar 1980) til at han kan køyra båtførarbevispliktig båt utan båtførarbevis.

Han kan likevel bli ilagt køyreforbod.

Lyssand har på strak arm ikkje oversikt over konsekvens ved eventuelt køyreforbod. 

Ifølgje regjeringen.no sin rapport frå 2009, har det vore diskutert om tap av båtførarbevis, eller illegging av køyreforbod, òg bør få konsekvensar for køyring av båtar som ikkje krev førarbevis.

Sånn var vurderinga:

Et annet spørsmål er om et lovbrudd begått av en båtfører ved føring av båtførerbevispliktig fritidsbåt bør få konsekvenser for å føre fritidsbåter under 8 meter eller med motorkraft under 25 HK. På den ene siden kan det fremholdes at personer som har begått grove lovbrudd til sjøs med båtførerbevispliktig fritidsbåt, kan begå tilsvarende overtredelser med mindre fritidsbåter dersom ikke tap av føreretten gjelder alle fritidsbåter. Når arbeidsgruppen likevel ikke har foreslått at tap av  førerett også skal gjelde fritidsbåter under 8 meter eller 25 HK, skyldes det to forhold.

  • For det første vil mindre fritidsbåter representere en lavere – og til dels betydelig lavere – risiko enn båtførerbevispliktige fritidsbåter. 
  • For det andre vil det kunne reise vanskelige avgrensningsspørsmål om tap av førerett også skulle gjelde under 8 meter eller 25 HK. Skulle det også omfatte jolle, robåt, kano, seilbrett etc.? Dersom det skulle være ønskelig at tap av føreretten også skulle gjelde ikke båtførerbevispliktige fartøy, burde det i så fall settes en nedre grense på for eksempel motordrevne fritidsbåter ned til 4 meter.

Vi har ikkje funne teikn på at denne haldninga er endra. Dersom dette framleis er gjeldande, og mistenkte i går køyrde ei snekke på under 8 meter/26 fot, med 25 hk eller mindre motor, kan den truleg køyrast vidare trass eventuelt køyreforbod.