Lokal | 04. des. 2019

Dykking og graving fram til jul

IMC Diving er på oppdrag i Os hamn.

Dykking og graving fram til jul
Denne katamaranen er på oppdrag i Os hamn, og blir verande nokre veker til. (Foto: Torbjørn Hergum)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. des. 2019 14:57

IMC Diving sin katamaran «Alpha» er i aksjon i Os hamn. Der blir den liggande nokre veker.

– Dei er ein av underleverandørane til Hylland AS, fortel prosjektleiar i Os kommune, Grete Nesheim.

Oppdraget er for Ohara.

– Leidningen vi la ut i fjor skal gravast djupare i mudderet, i tillegg skal det leggast ut ein ny leiding for overvatn frå pumpestasjonen.

Prøvedrifta er i gang

Det nye og kostbare hovudreinseanlegget for avlaup er i gang med prøvedrifta.

Det er med andre ord innhald i leidningen som IMC no jobbar med.

– Vi starta prøvedrifta 6. november. Både det som går via pumpehuset ved Esso, og nabolag som Kuvågen og Lekven, er kopla på. Det skal utførast fleire omkoplingar både neste år og seinare.

• Bildeserie: På innsida av Ohara (januar 2019)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.