Laurdag på dagtid blei til saman tre bilistar stoppa av UP, mistenkt for å ha vore påverka av narkotika etter utslag på UP sin mobile «drugtest».
Søndag klokka 10.40, på E39 på Søfteland, blei ein mann på knappe 20 år mistenkt for det same.
– Testen gav utslag på cannabis, men det blei ikkje tatt førarkortbeslag. Cannabis kan sitja i kroppen ei stund, så det gjenstår å få resultat frå blodprøve som kan seia noko om kva grad bilførar var rusa eller ikkje, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Køyrde bil utan førarkort
Det har vore ei travel helg for politiet i Os. I går fortalte politiet om fleire oppdrag laurdag og natt til søndag, i dag ramsar Hadler-Olsen opp fleire innslag frå loggen fredag og søndag.
– Fredag i 16-tida blei ein mannleg bilist i 20-åra stoppa på Byvegen og meldt for køyring utan gyldig førarkort, i 3-tida natt til laurdag blei ei kvinne i 50-åra meldt for det same.
I 5-tida natt til laurdag hadde politiet trafikkontroll. Der var det éin som fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkortet og ein annan som fekk gebyr for å køyra med fire piggdekk. Dette kosta truleg 4 x 1000 kroner. I tillegg var det begjæring om avskilting på bilen.
Kniv og ruteknusing
I 15-tida fredag fekk politiet melding om hærverk på Os Aeroklubb sitt klubbhus ved flystripa på Vaksinen/Ulven.
– Nokre ruter var knuste, truleg av stein.
På dagtid fredag fekk politiet også melding om ein mistenkeleg mann på Amfisenteret. Vaktane meinte at han kunne ha stole nokre klede. Politiet fann ikkje tjuvgods på vedkomande, ein mann i 20-åra, men han hadde nokre knivar på seg, og blei meldt for dette og tatt med til lensmannskontoret for avhøyr.