midtsiden

Dyrast i Os?

Stemmer det at denne 350 kvadratmeter store tomta er selt for 20 millionar kroner?

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ifølgje Statens Kartverk er gnr 54/bnr 792, ei tomt nær rundkjøringa ved Svegatjørn på rundt 350 kvadratmeter, selt for 20 millionar kroner.

Eigedomen skal vera overdrege frå Jan Lepsøe, som eig Ulvenparken på motsett side av vegen, til Rasmussen Eiendom AS, som er involvert i ARKA.

- Gid hadde det vore så vel, seier dottera til Jan Lepsøe, Ann-Elin Lepsøe Berge, når Midtsiden.no ringer for å høyra om summen stemmer.

To andre tomter i nærleiken, av tilsvarande storleik, er selt frå Statens vegvesen og Os kommune til same kjøpar for 20.000 og 10.000 kroner.

- Dette er restar etter eigedomsbyte som blei gjort etter ekspropriering og bygging av rundkjørina rundt 2003. Delar av vår eigedom blei ståande igjen på motsett side av den nye vegen ned til Lyssand Bil og Byvegen, seier Lepsøe.

Tilsette på avdelinga for tinglysing hos Statens Kartverk var ikkje tilgjengelege då Midtsiden slo på tråden, men Lepsøe sin påstand om kommafeil blir stadfesta av Per Rasmussen, styreleiar i Rasmussen Eiendom AS.

- Vi har overtatt nokre mindre tomter, men eg kan lova deg at vi ikkje har betalt 20 millionar kroner for nokre av dei, seier Rasmussen.

Fleire saker