Klare for å opna ny butikk. Kay-Andrè og Tanya Dysvik doblar arealet i morgon. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Dysvik doblar

Etter tre år i Brugata ekspanderer klesbutikken med outlet i nabolokala. 

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I oktober 2016 vart det kjend at ekteparet Tanya og Kay André Dysvik skulle opna klesbutikk i lokala som i starten på 90-talet husa butikken Chins.

Tanya hadde jobba i foreldra sin motebutikk heime i Ukraina. I 2011 flytta ho til Noreg og jobba med danske interiørvarer på butikken Illums Boligus i Bergen.

I 2018 trappa dei opp, og sidan opninga har det vore intimt moteshow og samarbeid med andre butikkar i Brugata

Satsar gjennom veggen 

Tanya og Kay-André fortel at dei lenge har ønskt seg meir plass, spesielt lagerplass.

Dei tek sjølv mykje bilde og video i samband med profileringa av butikken, men har til no mangla ein eigna plass å gjera fotoshootane. Då nabolokalet blei ledig valde dei å satsa vidare - gjennom veggen.  

– No har vi nye 100 kvadratmeter å boltra oss på, og ikkje minst har vi fått den naudsynte plassen til å ta skikkelege bilde. 

Når mannen får vera sjef  

Tanya og Kay-André er nesten samd om at den «outleten» er mest Kay-André sitt prosjekt.

– Jo, her inne er det eg som skal få bestemma vareutvalet, seier Kay-André og ler. Her får eg selja varer som eg ikkje får lov til å ha inne hos Tanya. 

Spøk til side, den nye butikken er ein del av Dysvik Clothing, men du vil ikkje finna dei same varene i begge butikkane. 

– I outleten vil vi selja «samples» frå prøverom, varer som er gått ut frå sortiment, og vidare varer som er spesielt vald ut til å seljast her, legg Tanya til.  For å reindyrka outletkonseptet kjem vi til å prisa varene i fem ulike nivå.

Spennande gate

Tanya og Kay-André seier at kjensla er god etter tre år med butikk i Os sentrum.

– Butikken går bra, og i tillegg til at vi begge jobbar heiltid her, har vi tre-fire personar som jobbar deltid for oss. 

Begge ser på Brugata som ei spennanda gate for framtida.

– Når det omfattande byggearbeidet i gata etterkvart er ferdig, trur eg at gata verkeleg kan få visa potensialet sitt, seier Kay-André.

– At peparkakebygda skal reisast i dei gamle lokala til apoteket i desember er sjølvsagt noko vi ser fram til. Dette vil jo gjera til at endå fleire tek turen til Brugata. 

Fest med konsert, foto og sminke

Morgondagens bursdag- og opningfest startar med gratis fotografering. 

– Linda-Mertehe Dysvik kjem for å fotografera dei som kanskje treng eit nytt familiebilde på veggen, eller kanskje bilde til eit julekort, seier Tanya. 

– På sikt ser vi no faktisk på moglegheitene for å kunna tilby fotografering her i butikken, legg Kay-André til. Vi har jo utstyret, så kvifor ikkje nytta høvet til å til dømes kunna tilby passfoto-fotografering? 

Festen held fram med sminkekurs frå Vita før det heile vert avslutta med minikonsert med Martine.     

Fleire saker