Lokal | 11. jan. 2017

E39: Bestemmer ingenting

Jusprofessor: – Kommunen har ingen kompetanse til å stoppa planprosjektet om dei er usamde i innhaldet.

E39: Bestemmer ingenting
Når kommunestyret i morgon handsamar den statlege planen for E39 bestemmer dei ingenting, dei kan berre komma med ei uttale om kva dei ønskjer (arkivfoto: AH)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2017 19:47

I morgon, torsdag, skal kommunestyret handsama den statlege kommunedelplanen for E39 Stord-Os. Det gjer dei utan eigentleg å kunna bestemma noko som helst.

– Ved bruk av statleg arealplan, som kan bestemmast ved t.d. viktige nasjonale infrastrukturtiltak som stamnett på veg, er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som har vedtakskompetansen, jf. plan- og bygningslova § 6-4, fortel professor Ingunn Elise Myklebust ved juridisk fakultet på Universitetet i Bergen når vi kontaktar ho med spørsmål om kommunestyret har nokon som helst moglegheit til å stoppa den statlege reguleringsplanen om dei er ueinige i det framlagte forslaget.

– Departementet trer i slike saker inn i styresmakta, som i plansaker elles ligg til kommunestyret.

– Handsaminga av slike planar skjer etter dei vanlege krava til offentleg ettersyn, lokal medverknad m.m., men kommunen har ingen kompetanse til å stoppe planprosjektet om dei er usamde på innhald.

– Dersom det i sjølve saka har skjedd sakshandsamingsfeil, t.d. at reglar om medverking er brotne, så er dette spørsmål som må vurderast særskilt, fortset Myklebust.

Må håpa på at departementet høyrer etter

Når kommunestyret ikkje har noko dei kan bestemma sjølv, tyder det at dei berre må påpeike det dei vil ha endra og håpe på at vegvesenet som sakshandsamar og til slutt Kommunal- og moderniseringsdepartementet er villige til å høyre på dei innspela som kjem frå kommunen.

Når blir statleg plan nytta?

Regjeringa har som mål å auke bruken av statleg plan for store samferdselsprosjekt.

For å identifisera prosjekt som kan vera aktuelle for å nytta statleg plan har Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samarbeid med Samferdselsdepartementet utarbeidd følgjande kriterier:

  • Det er viktig med rask gjennomføring av planprosessen
  • Det er større prosjekt som rører to eller fleire kommunar, og der det er stor usemje mellom kommunane i val av løysing
  • Det er store konfliktar mellom lokale, regionale og nasjonale interesser
  • Det er eit ønskje frå lokale mynde at planen blir behandla som statleg plan
  • Når det er store konfliktar mellom statlege mynde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.