Lokal | 13. sep. 2019

E39 er open igjen

E39 opnar no: Klokka 12.45 får vi melding om at E39 no er open igjen etter den tragiske ulykka.

E39 er open igjen
E39 har vore stengt sidan klokka 9 fredag morgon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. sep. 2019 10:51

E39 Byvegen har vore stengt sidan i 9-tida fredag morgon, grunna ein frontkollisjon mellom buss og bil. Bilførar omkom etter kollisjonen.

I etterkant har det vore omkøyring og, i periodar, svært vanskelege køyreforhold i Lysefjorden og over Fanafjellet.

Klokka 12.45 får vi melding frå ein bilist om at E39 nettopp er opna.

Vegtrafikksentralen stadfestar av vegen er opna igjen.

– Vi kjem til å halda fram med å dirigera trafikk over Fanafjellet til vi ser at det går som normalt der igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.