Webkamera: Følg byggeprosessen ved Svegatjørn

Midtsiden har fått installert eit webkamera i Industrivegen som følgjer bygginga ved Svegatjørn i samband med ny E39 til Rådal.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kameraet kom i drift måndag 30. november, den same dagen som Ulvenvegen blei stengt for opptrapping av arbeidet ved tunellinnslaget til den komande Skogafjellstunnelen.

Her kan du følgja prosjektet frå dag til dag, frå tapping og fylling av Svegatjørn til driving av tunell og seinare vegbygging og ferdigstilling. Kameraet skal etter planen stå i heile byggeperioden frå 2015 til planlagt opning i 2022. Det kan koma fleire kamera når bygginga i Endelausmarka er i gang.

Kameraet tar bilde kvart 15. minutt døgnet rundt. Her er ferskaste bilde:

 

midtsiden bildeBildet blir oppdatert kvart 15. minutt vardemedia.no

 

Vi vil òg koma med tilbakeblikk i form av timelaps, så du på få minutt kan sjå aktiviteten og resultata frå lengre byggeperiodar.

Leverandør av webkameraet, Varde Solutions, har lang erfaring med bygging og drifting av avanserte webkamerasystem, i hovedsak for dokumentering av byggeplasser, og har kontinuerlig 6-10 kamera i drift rundtom i Norge, i hovudsak i bergenssområdet. I tillegg leverer dei også luftfoto frå eigenutvikla dronar, som blant annet har filma fleire gongar for BBC.

Sjå www.vardesolutions.no

Ei stor takk også til Fløysand Tak for lån av husvegg, straum og internett.

Vil du lesa alle sakene våre om prosjektet?

Sjå Midtsiden samleside E39 Svegatjørn - Rådal

Om E39 Svegatjørn - Rådal

  • Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana.
  • 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel. Den lengste tunnelen blir den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.
  • Lengst sør, frå Svegatjørn til Endelausmarka, kjem den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen.
  • Dagsona gjennom Endelausmarka blir 1,1 km lang. Her kjem også fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
  • Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
  • Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen.
  • Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.
  • Pris 6,5 milliardar kroner (2014 prisnivå), 40/60 bompengar/stat
  • Byggestart: Torsdag 3. september (1. oktober i Os) 2015.
  • Antatt ferdig i 2022

 

Fleire saker