Lokal | 18. jan. 2021

E39 var stengt for høge bilar

Kabel hang lågt over bakken. No er den fjerna.

E39 var stengt for høge bilar
Vegen er opna for trafikk igjen. Restane av kappa kabel ser du i masta til venstre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. jan. 2021 19:54

Måndag klokka 20.02 meldte Vegtrafikksentralen om stengt E39 for køyretøy med over 2,5 meters høgde.

Årsaka var at ein kabel som kryssar vegen, brått hang knappe tre meter over asfalten.

Det oppsto kø begge vegar, men politi og BKK kom raskt til staden.

– Det viste seg å vera ein telefon- eller datakabel. Vi har kappa den, seier operatøren frå BKK Nett.

Vegen opna igjen før klokka 20.30.

Det er uvisst kva som er årsaka, og kva leverandør sin kabel som er øydelagt, og om dette har råka internett eller TV hos adresser i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.