Lokal | 17. juli 2017

Edru retur frå Tysnes

– Det er gledeleg å sjå, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Edru retur frå Tysnes
Dei som køyrde om bord i ferja blei kontrollert på Våge (bildet), dei som hadde bil parkert på Halhjem blei kontrollert av Os-politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. juli 2017 07:44

Tysnesfest, som også i år sette publikumsrekord då dei for første gong passerte 30.000 gjestar, var søndag over for denne gong.

Mange tilreisande kom heim med ferje frå Våge til Halhjem, og politiet kontrollerte bilistane på begge ferjekaiane.

– Vi sto på parkeringsplassen på Halhjem frå klokka 11 til 12 og kontrollerte 14 bilførarar passasjerar som kom gåande frå 10.50-ferja for å setja seg i bilen. Alle var edru, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor søndag.

Dei som kom køyrande av ferja var allereie kontrollerte av politiet på Våge ferjekai på Tysnes.

Frå 11 til null

– Det eine året meiner eg at heile 11 bilistar blei mistenkte for promillekøyring. Det er gledeleg å sjå at vi i år ikkje har ein einaste! seier lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal.

Køyring med promille og i annan rus har vore eit veksande problem i Os dei siste åra. Frå 2013 til 2015 auka talet på saker frå 24 til 50 tilfelle.

– Med så mange som har vore fleire dagar på fest er det kjekt å sjå at alle ventar til dei er heilt edru før dei køyrer bil, seier lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.