Sport | 10. mars 2015

– Eg er kjempenøgd

Med sin første medalje i som senior har sesongen allereie vore ein sukess. No har han to løp igjen av sesongen.

– Eg er kjempenøgd
Sverre Lunde Pedersen er heimom ein tur før NM enkeltdistansar og verdscupavslutting i Tyskland (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. mars 2015 20:58

Sverre Lunde Pedersen gjekk eit imponerande allround-VM i kanadiske Calgary sist helg, med 35,87 på 500 meter (4. plass), 6.11,77 på 5000 meter (2. plass), 1.43,99 på 1500 meter (2. plass) og 13.09,45 på 10.000 meter (4. plass).

Med det tok 22-åringen sin første meisterskapmedalje som senior, bak nederlandske Sven Kramer og russiske Denis Youskov.

No er Sverre heime i Os igjen nokre dagar før turen går til NM enkeltdistansar i Stavanger komande helg. Så ventar verdscupavslutninga i Erfurt i Tyskland helga etter.

– Det var deilig å koma heim etter ein månad på tur og ei lang reise.

– Korleis vil du oppsummera løpa dine i Calgary, og det å ta bronsen?

– Eg er kjempenøgd. Dette var eit av måla for sesongen.

– Sjølvsagt er det òg litt spesielt å ta den medaljen i seniorsamanheng.

Særs nøgd med 500 meteren

Med fire gode løp har han god grunn til å vera nøgd.

– Alle løpa var gode. Kanskje 500 meteren utmerka seg spesielt, sidan det har vore min svakaste tidlegare.

– Det var veldig godt å få den til å sitja i ein meisterskap der det betydde så mykje.

Håpa på rekordar

På NRK kommenterte ekspertkommentator Even Wetten at det ikkje var optimale tilhøve under løpa i Calgary, med høgtrykk som påverka luftmotstanden.

– Forholda var bra dei, men isen var ikkje heilt topp.

– Det tykkjer eg var kjedeleg, for eg hadde håpa på å setja nye rekordar. Men uansett så tel medaljen mest.

Vil avslutta med stil

Med to løpshelger igjen håper Sverre Lunde Pedersen den gode formen held seg.

– Det er berre to helger igjen og formen er bra. Eg håper den held seg slik at eg avsluttar med stil i Tyskland.

– Uansett så har det vore ein kanonsesong, seier Lunde Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.